«I Want You, I Need You, I Love You» er ein popsong skriven av Maurice Mysels og Ira Kosloff.Victor (2008), s. 251. Han er mest kjend som den sjuande singelen til Elvis Presley for RCA. Denne vart gjeven ut i mai 1956, og vart den andre singelen til Presley som nådde toppen av country-lista og tredjeplassen på Billboard Top 100-lista.

Innspeling

I april 1956 rapporterte Variety Magazine at den sjette singelen til Presley for RCA Victor, «Heartbreak Hotel», hadde selt ein million eksemplar.Guralnick/Jorgensen (1999), Elvis: Day by Day, s. 69. RCA Victor-produsenten Steve Sholes ønskte ein sterk singel for neste utgjeving, men det var ikkje så mange innspelingar att. Sidan Presley var oppteken på ein turné, ønskte Sholes han attende i studio så snart som mogeleg. Presley og bandet hans bestilte eit lite propellfly til Nashville for ein innspelingsdag mellom konsertane.

På veg frå Amarillo fekk flyet motorproblem og fall kraftig fleire gonger. Då dei kom til Nashville morgonen 14. april var alle fire stressa. Presley kom til studio utan nye idear og måtte derfor bruke eit av forslaga til Sholes, som var «I Want You, I Need You, I Love You». Innspelinga gjekk ikkje bra på grunn av opplevinga tidlegare på dagen, og dei prøvde 17 opptak i løpet av tre timar, utan eit forsøk som sat. Sholes valde å sende Presley og bandet heim.

Etter innspelinga lytta Sholes på opptaka igjen. Han var ikkje nøgd med resultatet av det han meinte var ei uprofesjonell og mislukka innspeling.Guralnick/Jorgensen (1999), Elvis: Day by Day, s. 70. Det hadde kosta 1000 dollar å fly Presley og bandet inn, og Sholes let manageren til Presley, Colonel Tom Parker, få vite at han var misnøgd og ønskte ei ny innspeling så snart som mogeleg. Han visste at Presley var travel og at det kunne ta månader før RCA Victor fekk han attende i studio. Han gjorde derfor noko uvanleg og som oftast vart mislukka i 1950-åra. Sholes tok delar av to opptak han likte (opptak 14 og 17), kutta dei og limte dei saman til eit opptak han likte. Redigeringa hans var så saumlaus at ingen kunne sei at det var frå to forskjellige opptak.

Mottaking

«I Want You, I Need You, I Love You» vart gjeven ut med «My Baby Left Me» på B-sida og kom ut 4. mai 1956.Guralnick/Jorgensen, s. 73. Førehandssalet på over 300 000 var det største i historia fofr selskapet. Då songen kom ut hadde Presley tre songar i Topp 20: «Heartbreak Hotel/I Was the One,» «My Baby Left Me» og «I Want You, I Need You, I Love You». Den 5. juni 1956 framførte Presley songen på The Milton Berle Show, i tillegg til ein tidleg versjon av «Hound Dog» som førte til hysteri i publikum..

Singelen gjorde det godt og nådde tredjeplassen på Billboard Top 100 og toppen av countrylista. Presley fekk den andre gullplata si for singelen med eit sal på over 1,3 millionar eksemplar.

Påverknad

Songen var inspirasjonen til Meat Loaf-songen «Two Out of Three Ain't Bad». Songen er framleis populære og vert nytta som kjkenningsmelodi for mange organisasjonar.

Andre versjonar

Jazzfusion/rockegitarist Robby Krieger spelte ein instrumentversjon av songen i 1989 på soloalbumet No Habla.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Want You, I Need You, I Love You» frå , den 28. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Singlar frå 1956 Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista Kategori:Songar produserte av Stephen H. Sholes Kategori:Songar frå 1956 Kategori:RCA Victor-singlar