Arnold Holmboe () var ein norsk jurist, næringsdrivar og Venstre-politikar, fødd i Beitstad. Han var i 1920-åra statsråd i Blehr II-regjeringa og den fyrste Mowinckel-regjeringa.

Holmboe tok juridisk embetseksamen 1900. Han hadde så advokatpraksis i Steigen, Harstad og Tromsø, før han var direktør i Tromsø Sparebank frå 1913 til 1928. Deretter var han til 1943 direktør ved Vinmonopolet.

Frå 1907 var Holmboe medlem i Tromsø bystyre og ordførar i fleire periodar. Dei to treårsbolkane 1922-24 og 1928-30 var Venstre-mannen Holmboe stortingsrepresentant frå byane i Nord-Noreg; Bodø, Narvik, Tromsø, Hammerfest, Vardø og Vadsø. Han var justisminister 1922-23 i ei regjering leidd av Otto Blehr og finansminister 1924-26 då Johan Ludwig Mowinckel hadde sin fyrste statsministerperiode.

Holmboe gav i 1943 ut ei bok med sine omsetjingar av den greske poeten Anakreon, med tittelen Anakreons sange.

Han var medlem i Undersøkelseskommisjonen av 1945 og komiteen som granska verksemda til Noregs Bank i okkupasjonsåra.

Kjelder

Kategori:Norske justisministrar Kategori:Norske finansministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Blehr II Kategori:Statsrådar i Regjeringa Mowinckel I Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Tromsø Kategori:Venstreordførarar i Troms