«Mystery Train» er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske bluesmusikaren Junior Parker i 1953.
Historie Junior Parker (òg kjend som Herman Parker) og oppført som «Little Junior's Blue Flames», spelte inn songen, som no vert rekna som ein bluesstandard, for produsenten og Sun Records-eigaren Sam Phillips. Songen vart gjeven ut på Sun. Han vart skriven av Junior Parker, men Phillips vart seinare oppført som låtskrivar.
Ein kommentator sa «Eit av mysteria med 'Mystery Train' er kvar tittelen kom frå. Tittelen er ikkje nemnd i songen». Songen har ein tekst som minnar om tekstar ein finn i den amerikanske tradisjonelle folkevise til Carter Family, «Worried Man Blues», som igjen er basert på ein gammal keltisk ballade, og som vart den mestseljande singelen deira i 1930: The train arrived sixteen coaches long The train arrived sixteen coaches long The girl I love is on that train and gone Parker sin tekst er: Train I ride sixteen coaches long Train I ride sixteen coaches long Well, that long black train carries my baby home
«Mystery Train» var oppfølgjaren til Junior Parker sin «Feelin' Good» (Sun 187) frå 1953, som nådde femteplassen på R&B-lista. Med seg hadde Parker (vokal) bandet «Blue Flames», som ein trur på den tida bestod av Floyd Murphy (gitar),Floyd Murphy is a brother of Matt «Gitar» Murphy. William Johnson (piano), Kenneth Banks (bass), John Bowers (trommer) og Raymond Hill (tenorsaksofon).
Elvis Presley-versjonen
Elvis Presley sin versjon av «Mystery Train» kom først ut 20. august 1955 som B-sida til «I Forgot to Remember to Forget» (Sun 223). Presley-versjonen vart rangert på 77. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidenen i 2003. Han vart igjen produsert av Sam Phillips i Sun Studios, og bestod av Presley på vokal og rytmegitar, Scotty Moore på sologitar og Bill Black på bass. Moore brukte ein countryaktig spelestil,Blue Moon Boys. page 48 og mot slutten kan ein høyre eit ekko av «Sixteen Tons» av Merle Travis frå 1946.Tosches, Nick. Country - the Twisted Roots of Rock 'n' Roll. DeCapo Press, 1985. pg 54. ISBN 0-306-80713-0 For Presley sin versjon av «Mystery Train», lånte Scotty Moore òg gitarriffet fråJunior Parker sin «Love My Baby» (1953), som var spelt av Pat Hare.
Victor gav ut ein popversjon av songen av The Turtles akkompagnert av Hugo Winterhalter and his Orchestra (Victor 6356) i desember 1955. Dette bandet er lite truleg 60-talspopgruppa med same namn, sidan songaren i den gruppa berre var åtte år på den tida.
I lag med «I Forgot to Remember to Forget» nådde singelen Topp 10 på countrylista til Billboard.Billboard, 17. desember 1955. Reviews of New Pop Records. s.56 and 61.
RCA Victor gav ut at innspelinga i desember 1955 (#47-6357) etter at dei fekk tak i kontrakten til Presley. Denne utgåva av songen nådde 11. plassen på den nasjonale Billboard Country-lista.
«Mystery Train» vert i dag rekna som ein «klassikar».Burke, Ken and Griffin, Dan. The Blue Moon Boys - The Story of Elvis Presley's Band. Chicago Review Press, 2006, s. 46. ISBN 1-55652-614-8 Singelen var den første innspelinga som gjorde Elvis Presley til ei nasjonal countrystjerne.
Black, som hadde suksess med the Bill Black Combo, hadde ein gong besøk heime i huset sitt i Memphis, då han peikte på ein innramma LP med «Mystery Train» på vegen og sa «Det der var ei plate.»Burke, Ken and Griffin, Dan. The Blue Moon Boys - The Story of Elvis Presley's Band. Chicago Review Press, 2006, s. 152.
Presley sin versjon vart nytta i Jim Jarmusch-filmen med same namn.
The Band-versjonen I 1973 skreiv Robbie Robertson frå The Band meir tekst til «Mystery Train», etter å ha fått lov av Sam Phillips, og gruppa spelte inn sin versjon av songen for albumet Moondog Matinee. Dei spelte seinare songen i lag med Paul Butterfield på «farvel»-konserten deira The Last Waltz i 1976.Moondog Matinee (1973) liner notes
Andre innspelingar Mange andre musikarar har spelt inn «Mystery Train», som: 1965 – Sam the Sham and the Pharaoahs på albumet On Tour. 1965 – Vince Melouney spelte songen med Robin Gibb og Maurice Gibb på korvokal. Songen var på albumet hans, Punkville. 1965 – The Paul Butterfield Blues Band frå The Paul Butterfield Blues Band 1967 – Ricky Nelson frå Country Fever. 1969 – Bob Dylan og Johnny Cash under innspelinga av Nashville Skyline 1970 – The Doors på Live in Detroit (utgjeve 2000), Live in Philadelphia '70 (utgjeve 2005), Live in Boston (utgjeve 2007), og i Pittsburgh som ein del av «Black Train Song» frå The Doors: Box Set i 1997. 1970 – Roger Miller frå Roger Miller 1970 1972 – Chet Atkins og Jerry Reed frå Me & Chet 1974 – Alvin Lee frå In Flight 1976 – Kingfish frå Kingfish in Concert: King Biscuit Flower Hour (utgjeve 1996) 1977 – Jerry Garcia Band frå Pure Jerry: Theatre 1839, July 29 & 30, 1977 (utgjeve 2004) 1980 – UFO frå No Place to Run 1981 – Tom Fogerty frå Deal It Out 1981 – The Soft Boys med Robyn Hitchcock frå Two Halves for the Price of One (live); ein annan versjon òg på 1976-81 (utgjeve 1992) 1981 – Gene Summers frå Gene Summers in Nashville 1983 – Neil Young frå Everybody's Rockin' 1986 – Emmylou Harris frå Thirteen 1986 – The Flying Burrito Brothers frå Live from Europe 1990 – The Neville Brothers frå Brother's Keeper 1992 – Stray Cats frå Choo Choo Hot Fish 2005 – Rick Danko frå Cryin' Heart Blues (med Paul Butterfield) 2010 – Robert Gordon og Link Wray frå Live Fast, Love Hard! (innspelt 1978) 2012 – The Grascals frå Life Finds a Way
Bok I 1975 publiserte rockeforfattaren Greil Marcus"Greil Marcus: a life in writing" by Simon Reynolds, The Guardian, 17 februar 2012"Just a Book? No, More Like a Trusty Companion" by Dwight Garner, The New York Times, 2. september 2015"A Conversation With Greil Marcus: 'Mystery Train' Keeps Rolling at 40" by Rob Sheffield, Rolling Stone, 19. oktober 2015 boka Mystery Train: Images of America in Rock 'n' Roll Music,Marcus, Greil. Mystery Train: Images of America in Rock 'n' Roll Music; Plume; 5th edition: 25. mars 2008; ISBN 978-0452289185 inspirert av Elvis Presley-innspelinga av Junior Parker-songen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mystery Train» frå , den 1. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Junior Parker-songar Kategori:Bluessongar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar frå 1953 Kategori:Singlar frå 1953 Kategori:Rockabilly-songar Kategori:Tom Fogerty-songar Kategori:Gene Summers-songar Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Neil Young-songar Kategori:Ricky Nelson-songar Kategori:The Band-songar Kategori:Ronnie McDowell-songar Kategori:Emmylou Harris-songar Kategori:Paul Simon-songar Kategori:Jerry Reed-songar Kategori:Bruce Springsteen-songar Kategori:Jimmy Velvit-songar Kategori:Songar om tog Kategori:Songar produserte av Sam Phillips Kategori:Sun Records-singlar 077 Kategori:Paul Butterfield-songar