King Creole er det sjette albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i september 1958, og spelt inn i løpet av fire dagar i Radio Recorders i Hollywood. Det inneheld songar skrivne og spelt inn for filmen med same namn og nådde andreplassen på Billboard Top Pop Albums-lista. Albumet selde til gullplate 15. juli 1999 hos Recording Industry Association of America. Merk: Søk på «Presley, Elvis»

Innhald Dei fleste av songane kom frå låtskrivarar som arbeidde for Hill and Range, eit songforlag som Presley eigde i lag med Colonel Tom Parker: Fred Wise, Ben Weisman, Claude Demetrius, Aaron Schroeder, Sid Tepper og Roy C. Bennett. Jerry Leiber og Mike Stoller var relativt lite medverkande, etter at dei hadde kome på kant med Parker under den forrige filmen, Jailhouse Rock (1957), der dei praktisk talt dominerte musikkproduksjonen. Parker var rasande over at låtskrivarar hadde så lett tilgang til Presley utan å gå gjennom Parker sine «rette kanalar», særleg sidan dei òg hadde prøvd å påverke filmretninga til Presley med å gje han ein ide om å gjere ein film av Nelson Algren-romanen A Walk on the Wild Side (1956) med Elia Kazan som regissør og musikk av Leiber og Stoller.Guralnick, Peter. The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50s Masters, 1992, box set insert booklet, s. 46-48. Parer sette foten ned for slike innfall, men duoen klarte likevel å få med tre songar i filmen, inkludert tittelsporet og «Trouble». Framsyninga til Presley av «Trouble» i filmen syner til Muddy Waters og Bo Diddley. Han spelte songen på det særs suksessrike fjernsynsprogrammet hans i 1968.

Songane «Hard Headed Woman» og «Don't Ask Me Why» vart gjeven ut på singel 10. juli 1958, samstundes med filmen. «Hard Headed Woman», A-sida, og «Don't Ask Me Why» nådde begge Billboard Hot 100-lista på høvesvis toppen av lista og 25. plassen.

RCA gav ut det originale albumet på CD i 1988. Albumet kom ut på ny i 1997 med sju bonusspor, inkludert songen «Danny» som vart spelt inn under innspelinga av albumet, seks alternative opptak der fire ikkje var gjevne ut før.

Medverkande

Elvis Presley – vokal, akustisk gitar (på «Lover Doll») The Jordanaires – korvokal Scotty Moore – elektrisk gitar Tiny Timbrell – akustisk gitar Neal Matthews – elektrisk bass Dudley Brooks – piano Bill Black – kontrabass D.J. Fontana – trommer Bernie Mattinson – trommer

Kitty White – vokal på «Crawfish» Gordon Stoker – bongotrommer Hoyt Hawkins – cymbals Ray Siegel – kontrabass, tuba Mahlon Clark – klarinett John Edward (Teddy) Buckner – trompet Justin Gordon – saksofon Elmer Schneider – trombone Warren Smith – trombone

Innhald

Originalutgåva

Bonusspor på 1997-utgåva

Spor 3 («Danny») var opphavleg gjeven ut på plata Elvis: A Legendary Performer Volume 3 (CPL1-3082) i desember 1978.

Lister og salstrofé

Plassering ListerÅrPlasseringUK Albums Chart19581

Salstrofé Land Salstrofé Sal USA Gull 500 000

Kjelder Denne artikkelen bygger på «King Creole (album)» frå , den 6. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff LPM-1884 King Creole Guide på The Elvis Presley Record Research Database

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1958 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Victor-album Kategori:Engelskspråklege album