BonBon er eit dansk varemerke som omfattar ein serie med godteriposar av fleire ulike slag. Serien vart etablert i 1985 og vert distribuert i Noreg av Haugen-Gruppen.

Blant dei mest kjende godteriposane som er i sal i dag er Søppeldynga, Kloakkslam og Råtne fisk. Tidlegare på 90-talet var fleire variantar i sal i Noreg, mellom anna godteriposar med namn som Ørevoks, Tissebleier og Hundeprutter. Etter at BonBon vart seld til selskapet Toms i 2001, vart produksjonen av godteriposane med namn som Store pupper og Blondinehjerner stansa.

Kjelder

Bakgrunnsstoff BonBon hos nettstaden til Haugen-Gruppen

Kategori:Godteri Kategori:Haugen-Gruppen Kategori:Skipingar i 1985 Kategori:Varemerke