Lama er ein tittel innan tibetansk buddhisme som blir brukt om religiøse lærarar, tilsvarande sanskritnemninga guru.«lama», Encyclopædia Britannica
Det tibetanske ordet er bla-ma (tibetansk skrift བླ་མ) som tyder 'den opphøgde', 'hovding' eller 'øvsteprest'.
Nemninga kan brukast for ein munk eller ei nonne for å visa kva andeleg nivå dei er på, eller som del av ein tittel for ein lama som frivillig blir gjenfødd (tulku), til dømes Dalai Lama eller Panchen Lama.
Kjelder
Kategori:Buddhisme Kategori:Tibetansk buddhisme Kategori:Religiøse titlar