Halul (arabisk حالول) er ei øy i Qatar. Ho ligg kring 100 km nordaust for Doha og er eit lagringsområde og losseterminal for olje frå dei kringliggande oljefelta i havet. Ein av hovudbasane til den qatarske marinen ligg på Halul. Kystvakta har òg ein base på øya.

Tidleg på 1900-talet var det stort sett perledykkarbåtar som vitja øya.

Industri Kort tid etter oljeindustrien i Qatar kom i gang byrja staten i midten av 1950-åra å investere resursar i å omgjere Halul til ein stor oljeterminal. Øya vart enno viktigare då dei i 1960-åra byrja å utnytte fleire oljefelt i havområdet. Mellom 1964 og 1966 vart det bygd industriområde på øya. I 2015 hadde øya 11 flytande oljetankar med ein kapasitet på i alt 5 millionar fat råolje.

Halul produserer sin eigen elektristet. Her er ni turbogeneratorar med ein kapasitet på 43 MW. To avsaltingsverk på Halul leverer kvar dag 400 kubikkmeter vatn.

Geologi Det meste av øya ligg på eit sedimentært lag frå paleozoikum. Hormuz-formasjonen frå kambrium er det dominerande overflatelaget. Det er eit av berre to territorium i Qatar som ligg på ei flate frå paleozoikum. Det finst jernoksid som hematitt og oker på øya, men dette er ikkje vunne ut på grunn av store kostnader med utvinninga og transporten bort frå øya.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Halul Island» frå , den 24. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Qatar Kategori:Øyar i Persiabukta