mini|Musklane på ryggsida av skulderbladet og triceps brachii Rotatorkappa (også kalla rotatormansjetten eller rotatorcuffen) er ei gruppe musklar og sener som bidreg til å stabilisere skuldra. Dei fire musklane i rotatorkappa er supraspinatusmuskelen, infraspinatusmuskelen, den vesle runde akselmuskelen og subskapularismuskelen. Desse utgjer meir enn halvparten av dei sju musklane i skulderbladet og overarmen. Musklane i kappa er viktige for skulderrørsle og for å istandhalde stabiliteten til glenohumeralleddet (skulderleddet). Musklane har utspring i skulderbladet og har feste i humerushovudet (caput humeri), og former dimed ei kappe over skulderleddet.

Sener i utkanten av musklane kan rivne (rotatormansjettruptur) som følgje av slitasje og føre til smerte og nedsett rørsleevne. Det er oftast supraspinatussenen under skulderhøgda som blir råka av denne typen skade.

Sjå òg impingementsyndrom

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rotator cuff» frå , den 26. oktober 2016.

Kategori:Skulder Kategori:Overekstremiteten