Bilateria eller tosidig symmetriske dyr er dyr som er symmetriske rundt ein midtakse. Kroppen deira har ein klar fram- og bakende og ei over- og underside. Høgre og venstre side av kroppen dannar spegelbilde av kvarande, sjølv om desse ikkje nødvendigvis er heilt fullstendige, til dømes i høve til indre organ.
Dei fleste ekte fleircella dyr høyrer til gruppa Bilateria, med berre Radiata utanfor. Gruppa blir delt inn i to hovudgreiner; Protostomia, som omfattar dei fleste virvellause dyr, og Deuterostomia, som mellom anna omfattar pigghudar og ryggstrengdyr.;
Kjelder
Kategori:Dyr