«Pocketful of Rainbows» er ein song av Elvis Presley frå 1960 på albumet G.I. Blues. Songen er skriven av Fred Wise og Ben Weisman.

Informasjon Songen vart spelt inn 6. mai 1960 i RCA Victor sitt studio i Hollywood for filmen G.I. Blues.

I filmversjonen kan ein sjå Juliet Prowse (som mima til Loulie Jean Norman sin vokal) syngje i lag med Elvis i ei kabelvogn i den vesle, tyske turistbyen Rüdesheim am Rhein.

Andre versjonar 1961: Deane Hawley 1964: Terry Stafford 1966 : Jan & Dean 1967 : Colin Cook 1986: Ray Condo and His Hardrock Goners 1991: Johnny Earl 1992: The Cliffters 1993: YMO (på japansk) 2000: Tom Green 2003: Darrel Higham and The Enforcers 2004: Preslisa 2006: Jimmy Breedlove 2009: The Bobcats 2013: Steven Pitman

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pocketful of Rainbows» frå , den 1. november 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar med tekst av Fred Wise Kategori:Songar frå 1960 Kategori:Songar med musikk av Ben Weisman Kategori:Jan & Dean-songar