Torbjørn Hornklove (norrønt Þórbjǫrn hornklofi) var ein norsk skald som var aktiv på slutten 800-talet. Fødeår og fødestad er ikkje kjent, heller ikkje når han døydde.
Norrøne kjelder I SkaldatalSkáldatal på norrønt, frå is.wikisource er Torbjørn Hornklove ført opp som ein av skaldane hos kong Harald Hårfagre.
I FagerskinnaFagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst) blir han kalla berre «Hornklove» og der står det at han han var ein gamal ven av kong Harald Hårfagre og hadde vore i hirda hans alt frå barneåra. Snorre har sitert dikt av han i soga om Harald Hårfagre. I EgilssogaEgilssoga omsett av Leiv Heggstad (Samlaget 1950) er han nemnt som ein av skaldane hos Harald Hårfagre, og der blir det fortalt at han hadde setet sitt i det andre høgsetetDet ringare høgsetet, andsynes setet der kongen sat., mellom skaldane Audun Illskælda og Olve Nuva. I den historisk usikre forteljinga «Soga om kong Harald Hårfagre sine skaldar»Saga skálda Haralds konúngs hárfagra frå heimskringla.no er det nemnt at han skal ha vore ein frende av hovdingen Rolv NevjaRolv Nevja var far til Hild Rolvsdotter som var mor til Gange-Rolv på Opplanda. I dei norrøne sogene er ikkje fortalt noko meir om livet og lagnaden til Torbjørn Hornklove.
Farsnamnet (patronymikon) hans er ikkje kjent. I sogelitteraturen er Torbjørn omtala berre med tilnamnet «hornklove» og ein kjenner ikkje til bakgrunnen for namnet. Tydinga av sjølve ordet hornklofi er usikker, men er oftast omsett til «hornkløyvar». I Edda er hornklofi nemnt som ein av kenningane for «ramn».
Skaldskap Det er noko uvisst kva strofer som i røynda er gjort av han, men ein kjenner til to diktverk som vanlegvis blir tillagt Torbjørn Hornklove: GlymdråpaGlymdrápa av Torbjørn Hornklove (Skaldic Project) der han diktar om kampar som Harald Hårfagre hadde i Noreg og «syd for havet» (fyr haf sunnan) som må vise til Skotland og øyane i vest. HaraldskvedetHaraldskvæði (Hrafnsmál) av Torbjørn Hornklove (Skaldic Project), òg kalla «Ramnsmål» (Hrafnsmál), byrjar med skildring av slaget ved Hafrsfjord og fortel til slutt om livet ved kong Harald si hird (i Haralds túni). Eit vers av ei lausaviseLausavise av Torbjørn Hornklove (Skaldic Project) er òg kjent, men tydinga av diktet er usikker og det er uvisst om Torbjørn Hornklove er forfattaren.
Notar
Referansar
Bakgrunnsstoff Torbjørn Hornklove Norsk biografisk leksikon Det norrøne fyrstediktet av Bjarne Fidjestøl (1982) Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning av Finnur Jónsson (side 20). Den oldnorske og oldislandske litteraturs histore av Finnur Jónsson (1.bind)
Kategori:Norske skaldar Kategori:Folk i Skaldatal Kategori:Folk frå vikingtida Kategori:Nordmenn frå norrøn tid