Hans van Helden () er ein nederlandsk-fransk tidlegare skeiseløpar frå Almkerk.
Helden tok andreplassen i skeise-EM 1973 i Grenoble. Året etter måtte han eitt trinn ned då EM 1974 fann stad i Eskilstuna.
Etter ein sesong på sidelinja og triumf i den nederlandske meisterskapen 1976, var Helden i fremste favorittsjiktet både i dei internasjonale firkampmeisterskapane, og på fleire distansar under Vinter-OL i Innsbruck. Det enda med bronsemedaljar på dei tre lengste distansane under vinterleikane, før han også vart tredjemann i firkamp-VM 1976 i Heerenveen. Gjennom OL-sesongen sette han to verdsrekordar; fyrst på 5 000 meter med 7.07,8 i Davos, før han midt i mars gjorde 1500 meter unna på 1.55,61 i Inzell.
Helden vart nederlandsk meister også i 1977. Sidan makta han ikkje å hevde seg heilt i toppen i internasjonal skeisesport. Han gifta seg med ein fransk kvinneleg skeiseløpar i 1980, og konkurrerte frå 1982 for Frankrike.
Hans van Helden var aktiv til 1992.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hans van Helden (schaatser)» frå , den 5. november 2016.
Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Franske skeiseløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988