Anatolepis er ei utdøydd urfiskslekt. Små fragment av fisken er funnen i Nord-Amerika, på Grønland og på Svalbard i bergarter frå sein kambrium til tidleg ordovicium. Funna er truleg dei eldste restane ein har funne av primitive virveldyr (urfisk). Fossil av slekta vart oppdaga i ordoviciske lag på Spitsbergen av norske paleontologar på 1970-talet. Slekta og arten Anatolepis heintzi fekk namn etter den norske paleontologen Anatol Heintz.
Kjelder
Kategori:Utdøydde kjevelause fiskar