Jonny Nilsson () var ein svensk skeiseløpar frå Filipstad i Värmland. Han vart verdsmeister 1963 og vann gullmedaljen på 10 000 m under Vinter-OL 1964.
Aktiv Nilsson overraska dei norske favorittane og vann meistertittelen då skeise-VM 1963 fann stad i japanske Karuizawa. Gjennom meisterskapen sette han verdensrekord både på 5 000 meter, 10 000 meter og i firkamp. Særleg imponerte milløpet på 15.33,0, ei rekordforbetreing på over 13 sekundar målt mot Knut Johannesen sin gamle rekord frå Vinter-OL 1960 i Squaw Valley. Seinare i 1963 sette Nilsson også verdsrekord på 3 000 m. Han vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for 1963.
Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck var Nilsson ein av dei største gullfavorittane på langdistansane. Han vart berre nummer seks på 5 000 m, men sigra så klart på 10 000 meter framom nordmannen Fred Anton Maier. Ved skeise-VM 1965 forbetra Nilsson sin eigen verdsrekord på 5 000 m med 1,1 sekund til 7.33,2, samanlagt enda han på fjerdeplassen.
Nilsson vart tredjemann då skeise-VM 1966 vart avvikla på Nya Ullevi i heimlege Göteborg, einast nederlendarane Kees Verkerk og Ard Schenk vart for sterke.
Etter OL-sesongen 1968 var over, la Nilsson opp som aktiv.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jonny Nilsson» frå , den 12. november 2016.
Kategori:Svenske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten