Uwe-Jens Mey () er ein tysk tidlegare skeiseløpar som representerte Aust-Tyskland til 1990, deretter det samla Tyskland. Mey, som er fødd i Warszawa i Polen, vart olympisk meister på 500 meter både i 1988 og 1992.
mini|venstre|Uwe-Jens Mey i 1986
Mey kom på åttandeplass på 500 meter under Vinter-OL 1984 i Sarajevo. I OL-sesongen 1988 vart han andremann etter Dan Jansen i sprint-VM i Milwaukee. Under vinterleikane i Calgary straks etterpå fall storfavoritt Jansen, medan Mey gjekk ein framfifrå 500 meter og sette ny verdsrekord med tida 36,45, ein rekord som gjaldt i fire år. På 1000-meteren tok han så sølvmedaljen bakom Nikolaj Guljajev frå Sovjetunionen.
Både under sprint-VM 1989 i Heerenveen og sprint-VM 1991 i Inzell vart Mey nummer to, i begge meisterskapane fann han sin overmann i Igor Zjelesovskij. Den 19. januar 1992 forbetra han sin eigen verdsrekord på 500 m med to hundredels sekund til 36,43 sekund. Under Vinter-OL 1992 i Albertville forsvarte Mey OL-tittelen på 500 m. Han la opp som skeiseløpar då OL-sesongen var over.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Uwe-Jens Mey» frå , den 15. november 2016.
Kategori:Austtyske skeiseløparar Kategori:Tyske skeiseløparar Kategori:Austtyske idrettsutøvarar Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992