Om (russisk Омь) er ei elv i sør i Det vestsibirske låglandet i Russland og ei av sideelvane til Irtysj frå høgre. Elva er 1091 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 814 m³/s.

Om har utspring i Vasjuganmyrene på 145 moh, i grenseområda mellom Novosibirsk og Omsk oblast. Ho renn frå her hovudsakleg vestover gjennom dei nordlege delane av Barabasteppene. Frå midten av elva byrjar ho å meandere kraftig og munnar ved byen Omsk i elva Irtysj, på 69 moh.

Nær munningen har ho ei vassføring på 50 m³/s (minimum i mars med 4,9 m³/s, maksimum i juni med 156 m³/s). I den nedre delen er elva 120 m brei og 2 m djup med ein straum på 0,3 m/s. Dei viktigaste sideelvane er Itsja, Kama og Tartas.

Om frys til i månadsskiftet oktober / november og er isdekt til vårløysinga i april / mai. Elva er farbar til Kujbysjev ved høg vasstand, men er ikkje ein offisiell vassveg.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Om (elv)» frå , den 31. oktober 2008. oppgav desse kjeldene: Store sovjetiske leksikon R-ArcticNET - Eit regionalt, elektronisk, hydrografisk datanettverk for den arktiske regionen Liste over vassvegane i den russiske føderasjon (Regjeringsforordning av 19. desember 2002) (russisk)

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Novosibirsk oblast Kategori:Elvar i Omsk oblast Kategori:Tobokstavsord