Nils Egil Aaness () var ein skeiseløpar frå Haugnes i Andøy kommune som vart europameister i 1963. Han var etter tur medlem i Harstad Skøyteklubb, Tromsø Skøyteklubb, Mo Skøyteklubb og Oslo Skøiteklub.
Aktiv Aaness fekk sitt nasjonale gjennombrot då han kom på fjerdeplass i NM 1960 på Hønefoss. Ved VM 1960 i Davos vart han nest beste nordmann med sin tiandeplass. Både i 1961, 1962 og 1963 vart han andremann i noregsmeisterskapen, alle gongane såg han sin overmann i Knut Johannesen. Dei to fyrstnemnde sesongane kom han høvevis på niande- og ellevteplass i EM-tevlingane.
Ved EM 1963 i Göteborg makta derimot Aaness å vinne ein klar siger. Med seg på sigerspallen fekk han Johannesen på andre- og 17-åringen Per Ivar Moe på tredjeplass, endå ein nordmann, Magne Thomassen, fullbyrda den norske triumfen med sin fjerdeplass. Til sist i jubelsesongen 1963 vart Aaness nummer tre i verdsmeisterskapen i Karuizawa, tre veker etter EM.
Då NM 1964 fann stad i Tønsberg måtte både Johannesen og Aaness eitt steg ned på sigerspallen, ettersom Per Ivar Moe viste seg som den klart beste. Internasjonalt makta Aaness ikkje lenger å hevde seg, og etter han vart nummer seks i NM 1965 og enda på 17. plass i VM 1965 la han opp.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar.
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Folk frå Andøy