Godske Joachim Weidemann Nielsen () var ein norsk jurist og politikar. Han var stortingsmann for partiet Høgre i til saman seks år. Stortingsmann Wilhelm Nielsen var far hans.
Nielsen vart student frå Kristiania katedralskole i 1866 og cand.jur. i 1871. Frå 1872 til -86 arbeidde han som sorenskrivarfullmektig i Bamble, og han var 1874-94 overrettsaksørar i Kragerø. Etter eit par års mellomspel som politimeister og magistrat i Kragerø, var han frå 1898 sorenskrivar i Bamble og Kragerø, og frå 1898 også byfut.
Nielsen var medlem av Kragerø bystyre frå 1882, bortsett frå då han var politimeister (1984-96). Valperioden 1908-10 var han ordførar. Han var medlem i felleskomiteen for Vestlandsbanen i 20 år.
Nielsen representerte einmannskrinsen Kragerø på Stortinget 1903-06 og på ny 1913-15. I ein mellomliggande periode var han varamann frå Kragerø og møtte i staden for Ambortius O. Lindvig både på tampen av 1910- og 1911-sesjonane, i 1912 møtte han allereie frå 6. mars. Nielsen var medlem i Justiskomiteen og Lagtinget åra 1903-06, Tollkomiteen 1910-12 og Militærkomiteen 1913-15.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Norske juristar Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Kragerø Kategori:Ordførarar i Kragerø Kategori:Folk frå Holmestrand