Joachim Birger Nilsen () er ein norsk sjakkspelar og sjakktillitsvald. Han vart FIDE-meister i sjakk i 2014 og Internasjonal Meister i sjakk (IM) frå mars 2017. Joachim Birger Nilsen vart vald til president i Norges sjakkforbund 10. juli 2022. Han trekte seg som president 7. oktober 2022, etter det kom fram at han hadde juksa under ei sjakkturnering på nettet i 2016.

Internasjonal Meister i sjakk Han Joachim B. Nilsen tok sitt første IM-napp med 6 poeng på 9 runder i IM-gruppa i TV2 International på Fagernes i påska 2016.Resultatet frå TV2 International Fagernes 2016 Han tok deretter eit IM-napp i eliteklassa i Noregsmeisterskapen i sjakk i Tromsø i juli 2016, med 5,5 poeng på dei 8 første rundane. Det hadde deretter ikkje noko å seie at han tapte siste runde.Resultatet frå Eliteklassa i NM i sjakk Tromsø juli 2016 Det tredje og avgjerande IM-nappet kom i Øbros Jubileumsturnering i oktober 2016, med 6,5 poeng på 9 rundar.Mattogpatt om Joachim B. Nilsen sitt resultat og IM-tittel. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 oppfylte han allereie pr. 1. februar 2015 med 2417.Søknaden om IM-tittel for Joachim B. Nilsen frå Norges Sjakkforbund Han vart utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet ved beslutning publisert 3. mars 2017.FIDE si liste over nye titteltildelingar 3. mars 2017

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Joachim B. Nilsen si spelarside hos FIDE Joachim B. Nilsen sine parti hos NorBase Joachim B. Nilsen sine sjakkparti hos Chessgames.com

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk Kategori:Presidentar i Norges Sjakkforbund Kategori:Sjakkorganisatorar