mini|portrett=1.6|Melodien til «O store Gud»
«O store Gud» er ein kristen salme basert på eit dikt skrive av Carl Gustav Boberg (1859–1940) i Sverige i 1885. Teksten vart gjeven ut for første gongen i Mönsterås-Tidningen den 13. mars 1886. Melodien er ein svensk folkemelodi. Baptistpresten Knut Josef Andersen omsette songen til norsk i 1956. Jorulf Aarvold har òg laga ei omsetjing, og det er denne som vert nytta i songboka til pinserørsla. Dei fleste andre norske songbøker nyttar Andersen sin tekst. Rita Engebretsen og Gunnar Jørstad har skrevet ein norsk tekst med tittelen «En herlig tid».
Salmen vart trykt i Sanningsvittnet den 16. februar 1891, og vart omsett til tysk i 1907 av Manfred von Glehn (1867–1924)http://www.assistnews.net/Stories/2007/s07100068.htm , http://ingeb.org/spiritua/howgreat.html i Estland, med namnet «Wie groß bist Du» (først «Du großer Gott»).http://ingeb.org/spiritua/howgreat.html I år 1927 publiserte Ivan Stepanovitj ProtsjanovWilliam Kahle, (1978), Evangelische Christen in Russland und der Sovetunion: Ivan Stepanovic Prochanov (1869–1935) u.d. Weg d. Evangeliumschristen u. Baptisten (Frankfurt am Main: Oncken), ISBN 3789370568 / ISBN 978-3789370564 ein russisk versjon, som misjonæren Stuart K. Hinehttp://www.stinalisa.com/HowGreatThouArt.html fann i Ukraina og omsette til engelsk som «How Great Thou Art» (samtidig som han la til to eigne vers i sin komposisjon). I denne forma vert songen sungen i engelsktalande land, og spesielt vart han sungen under evangeliseringsmøte i England under andre verdskrigen. Salmen vart seinare særs populær som følgje av George Beverly Shea og Cliff Barrows sine framføringar under Billy Graham-krosstoga.Kurian, G. T. (2001). Nelson's new Christian dictionary: The authoritative resource on the Christian world. Nashville: Thomas Nelson. Songen vart kåra til favorittsalme i Storbritannia av BBC-programmet Songs of Praise.Bradley, Ian: "All Things That Give Sound," in "Not Angels, But Anglicans: A History of Christianity in the British Isles", ed. Henry Chadwick (Norwich: Canterbury Press, 2000), 208. «How Great Thou Art» vart rangert som nummer to (etter «Amazing Grace») på ei liste over favorittsalmar gjennom tidene i ei undersøking av Today's Christian-magasinet i 2001.Bonne Steffen, "The Ten Best Worship Songs" Today's Christian (September/October 2001); http://www.christianitytoday.com/tc/2001/005/4.48.html (besøkt 2 February 20089).
Songen har blitt sungen av fleire kjende musikarar, som Artur Erikson, Elvis Presley og Alan Jackson. Han var signaturmelodien til den svenske songaren Einar Ekberg. Elvis Presley kalla han sin «favorittsalme», og det skal ha vore den einaste songen av skandinavisk opphav som han hadde på repertoaret sitt.
Ann-Margret spelte inn songen gav han ut på albumet God Is Love: The Gospel Sessions 2 i 2011.
Refreng
Innspelingar på engelsk
Norske innspelingar Arvid Gundersen med akk. Arr.: E. Skallerud. Som «O store Gud» Utgitt på 78-platen Odeon 78ND-7336 og på singelen Odeon ND 7336 i 1958. Karsten Ekorness med Ragnar Danielsens orkester. Arr.: Ragnar Danielsen. Som «O store Gud». Utgjeve på EP-plata Philips 421 643 i 1959. De Syngende Husmødre. Som «O store Gud». Utgitt på LP-platen på La oss leve for hverandre 1981, Arne Bendiksen. Rita Engebretsen. Som «En herlig tid» på albumet Rita (Talent TLS 3080) i 1983.
Instrumentale versjonar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «How Great Thou Art» frå , og «O store Gud» frå den 4. desember 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff «How Great Thou Art» and the 100-Year-Old Bass.
Kategori:Songar frå 1885 Kategori:Svenske salmar