«Crying in the Chapel» er ein song skriven av Artie Glenn for sonen Darrell. Darrell spelte inn songen medan han framleis gjekk på high school i 1953, i lag med bandet til Artie, The Rhythm Riders. Songen vart avvist av Hill and Range Songs og Acuff-Rose Music. Han vart sidan publisert av Valley Publishers som òg gav han ut på singel med Darrell Glenn. Songen vart først ein lokal hit, før han sidan slo gjennom nasjonalt. Den originale versjonen (Valley 105) vart gjeven ut i 1953.Coming Up in the Trade. Country & Western. Billboard May 23, 1953 page 138 Songen vart ein av dei mest innspelte i 1953. Darrell Glenn sin original nådde toppen av Cash Box-lista (der alle versjonane vart slått saman) og sjetteplassen på Billboard. Rex Allen sin versjon nådde åttandeplassen på Billboard-lista, Ella Fitzgerald sin 15. plassen og Art Lund 23. plassen.Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954

Ei innspeling av June Valli med orkester dirigert av Joe Reisman vart spelt inn i New York City den 11. juni 1953. Denne kom ut på RCA Victor Records og av EMI på His Master's Voice. Denne vart den mest populære popversjonen på Billboard-lista der han nådde fjerdeplassen 1. august 1953.

Elvis Presley-versjonen Den 30. oktober 1960 spelte Elvis Presley inn ein versjon av songen under innspelinga for gospelalbumet His Hand in Mine. Songen kom ikkje med på dette albumet, men vart halden attende av RCA og til slutt gjeven ut som ein singel i april 1965. Han nådde då tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista og toppa Easy Listening-lista i sju veker, den største suksessen til Presley på lista på seks år. Singelen gjekk til topps på den britiske singellista i 1965 og låg der i to veker. Han vart seinare gjeven ut som eit bonusspor på gospelalbumet til Presley, How Great Thou Art, i 1967. Singelen selde til slutt til platina i USA for over ein million selde eksemplar.

Bob Marley & The Wailers-versjonen I april 1968 spelte vokaltrioen The Wailers, i lag med Bob Marley på solovokal og gitar, Rita Marley og Peter Tosh på harmonivokal, ein versjon av songen i Kingston i Jamaica. Teksten var tilpassa frå Orioles-versjonen av Rasta-leiaren Mortimo Planno, som òg produserte og trykte singelen kalla «Selassie Is the Chapel», den første rastafarisongen som vart spelt inn og utgjeven av Bob Marley.

Det vart berre trykt nokre få hundre eksemplar av singelen på dent ida og songen var vanskeleg å få tak i før han vart gjeven ut på ny på plata Selassie Is the Chapel i 1997 og som ein del av Complete Bob Marley & the Wailers 1967 to 1972. Ein vinylsingel med songen vart òg gjeven ut av JAD i 2002.

Andre versjonar Mange artistar har spelt inn versjonar av «Crying in the Chapel».

Instrumentalar 1953: Ken Griffin 1964: Santo & Johnny 1965: Roger Williams 1965: Hugo Winterhalter and His Orchestra 1975: Orchester Anthony Ventura 1977: The Alan Tew Orchestra 1984: Anthony Ventura 1993: Hank Jones-Satoru Oda Great Jazz Quintet 1995: Peter Breiner and His Orchestra 1996: Die Münchner Philharmoniker 2000: The Beegie Adair Trio 2001: Classic Dream Orchestra 2002: Las Vegas International Philharmonic 2009: Captain Cook und seine singenden Saxophone 2011: Peter Williams

Dansk Ein dansk versjon av songen kalla «Når kirkeklokken ringer» vart skriven av Knud Pheiffer. Denne vart framført Gustav Winckler med Bertrand Bech og rytme i 1954.

Tysk Ein tysk versjon kalla «Tränen in den Augen» vart skriven av Hans Bradtke. Den første utgåva vart framført av Wolfgang Sauer i 1954. Andre artistar som har spelt inn denne versjonen er Bobby Solo i desember 1965, Costa Cordalis i 1972, Roland Kaiser i februar 1985 og Cagey Strings i 2006.

Ein annan tysk versjon heiter «Fliegt ein Albatros nach Süden» og vart skriven av Joachim Horn-Bernges. Denne vart framført av Tommy Steiner i 1983.

Tsjekkisk Ein tsjekkisk versjon vart skriven av Jiří Štaidl og kalla «Cesta rájem». Denne vart framført av Karel Gott i 1965.

Italiensk Ein italiensk versjon kalla «La casa del Signore» vart skriven av Franco Migliacci og framført av Bobby Solo 22. oktober 1965.

Nederlandsk John Spencer skreiv og framførte ein nederlandsk versjon av songen kalla «Ik zag jouw tranen» i 1985.

Svensk Ein svensk tekst vart skriven av Arne Alm, kalla «Klockorna i dalen». To versjonar vart gjevne ut i november 1953, først av Raya Avellán og Yngve Stoor, og så Maj Lindström med Sune Waldimirs Orkester.

Spansk «Llorando en la capilla» er ein spanskspråkleg versjon av songen skriven av Ben Molar. Denne vart først framført av Los 5 Latinos i 1965.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Crying in the Chapel» frå , den 5. desember 2016. oppgav desse kjeldene: Roy Carr & Mick Farren: Elvis: The Illustrated Record (Harmony Books, 1982), s. 97, 106.

Kategori:Songar frå 1953 Kategori:Singlar frå 1953 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Darrell Glenn-songar Kategori:Rex Allen-songar Kategori:Eddy Arnold-songar Kategori:Ella Fitzgerald-songar Kategori:Sister Rosetta Tharpe-songar Kategori:Mahalia Jackson-songar Kategori:Little Richard-songar Kategori:The Platters-songar Kategori:Jimmie Rodgers-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:The Lettermen-songar Kategori:The Staple Singers-songar Kategori:Tammy Wynette-songar Kategori:Don McLean-songar Kategori:Vikingarna-songar Kategori:The Jordanaires-songar Kategori:Helmut Lotti-songar Kategori:Christer Sjögren-songar Kategori:Bobby Solo-songar Kategori:Songar om gråting