Jerry Reed Hubbard (), profesjonelt berre kalla Jerry Reed, var ein USA-amerikansk countrysongar, gitarist og låtskrivar. Han var òg skodespelar og spelte i fleire filmar. Dei mest kjende songane hans er «Guitar Man», «U.S. Male», «A Thing Called Love», «Alabama Wild Man», «Amos Moses», «When You're Hot, You're Hot» (som han fekk ein Grammy-pris for i kategorien beste countrysong), «Ko-Ko Joe», «Lord, Mr. Ford», «East Bound and Down», kjenningsmelodien til Smokey and the Bandit frå 1977, der Reed hadde ei rolle), «The Bird» og «She Got the Goldmine (I Got the Shaft)».

Biografi Reed vart fødd i Atlanta i 1937 og byrja å spele gitar som barn. Han fekk kontrakt hos forleggaren og produsenten Bill Lowery og spelte inn den første singelen sin, «If the Good Lord's Willing and the Creeks Don't Rise», 18 år gammal. Han fortsette å spele inn både country- og rockabillysongar utan å slå gjennom, før Gene Vincent spelte inn songen hans «Crazy Legs» i 1958.

Etter to år i militærteneste, flytta Reed til Nashville i 1961 for å fortsette karrieren som låtskrivar. Medan han var i militæret hadde Brenda Lee spelt inn songen «That's All You Got to Do» i 1960. Han vart òg ein etterspurt studio- og turnémusikar. I 1962 fekk han suksess med singlane «Goodnight Irene» og «Hully Gully Guitar», som fann vegen til Chet Atkins. Atkins produserte Reed i 1965 på «If I Don't Live Up to It». I 1967 fekk han den første hitten sin med «Guitar Man», som Elvis Presley kort tid etter spelte inn. Etter at Presley gav ut ein annan av Reed sine songar, «U.S. Male», spelte låtskrivaren inn ei Elvis-hyllest, «Tupelo Mississippi Flash», som vart den første hitten hans på topp 20 i USA.

Etter å ha gjeve ut hitten «Amos Moses» i 1970, ei blanding av rock, country og cajunmusikk, slo Reed seg saman med Atkins for albumet Me and Jerry. I 1970 spelte han ofte på fjernsynsshowet The Glen Campbell Goodtime Hour, og i 1971 gav han ut den største hitten sin, «When You're Hot, You're Hot», som òg var tittelsporet på albumet han gav ut det året. Eit nytt samarbeid med Atkins, Me and Chet, kom i 1972, og det same gjorde ei rekkje singlar på topp 40. Eit år seinare fekk han den andre førsteplassen sin med «Lord, Mr. Ford» frå albumet The Uptown Poker Club.

I midten av 1970-åra byrja Reed å fokusere meir på skodespelarkarrieren og i 1974 spelte han i lag med den nære venen Burt Reynolds i filmen W.W. and the Dixie Dancekings. Han fortsette å spele inn musikk, men var mest synleg som skodespelar, ofte i lag med Reynolds. Etter Gator i 1976 spelte Reed i High Ballin' i 1978 og i 1979 i Hot Stuff. Han spelte òg i alle dei tre Smokey and the Bandit-filmane. Den første hadde premiere i 1977 og gav Reed ein andreplass med hitsongen «East Bound and Down» frå filmmusikken.

I 1979 gav han ut eit album med både songar og instrumentalar, høvande kalla Half and Half. Han følgde opp to år seinare med Jerry Reed Sings Jim Croce, ei hyllest til den avdøde songaren Jim Croce. I 1982 fekk Reed ein ny hit med songen «She Got the Goldmine (I Got the Shaft)», og følgde opp med «The Bird», som nådde andreplassen i USA. Den siste hitten hans som nådde listene var «I'm a Slave» i 1983. Etter at albumet Lookin' at You frå 1986 selde dårleg, fokuserte Reed på turnering fram til 1992, då han og Atkins kom saman att og gav ut albumet Sneakin' Around før han igjen la ut på turné. Han spelte inn lite musikk i 1990-åra, men spelte i Adam Sandler-filmen The Waterboy. Han var inaktiv det meste av 2000-åra og døydde i 2008 av emfysem.

Filmar År Film Rolle Merknad 1975 W.W. and the Dixie Dancekings Wayne 1976 Gator Bama McCall 1977 Smokey and the Bandit Cledus Snow 1978 High-Ballin' Duke 1979 Concrete Cowboys J.D. Reed Fjernsynsfilm 1979 Hot Stuff Doug von Horne 1980 Smokey and the Bandit II Cledus Snow 1983 Smokey and the Bandit Part 3 Cledus Snow / 'Bandit' 1983 The Survivors Jack Locke 1983Stroker AceSeg sjølvCameo i slutteksten 1985 Stand Alone Paramedic 1985 What Comes Around Joe HawkinsÒg regissør 1988 Bat*21 Col. George WalkerÒg produsent 1998 The Waterboy Coach Red Beaulieu

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jerry Reed» frå , den 6. desember 2016.

Bakgrunnsstoff

[ AMG Entry for Jerry Reed]. Henta 7. januar 2006.

Jerry Reed på Rockabillyhaal.com

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske countryartistar Kategori:USA-amerikanske countrygitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:Fingerspelgitaristar Kategori:Musikarar frå Atlanta Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Døde av emfysem