Ryszard Kapuściński () var ein polsk journalist og forfattar.

Kapuściński var i fleire tiår det polske nyheitsbyrået PAP sin korrespondent i ulike verdsdelar. Gjennom lang tid var han den einaste i Polen som rapporterte frå Afrika, der han dekte det som var av viktige hendingar på det vide kontinentet. Lange periodar var han også stasjonert i Latin-Amerika og Asia.

I reportasjebøkene sine blanda Kapuściński skilsetjande hendingar med personlege refleksjonar og stor varheit for detaljar. Den omfattande rapporteringa frå Afrika stadfesta eit stendig sterkare ry, og boka Keiseren om Haile Selassie gjorde han kjend for eit større publikum. Mellom hans seinare arbeid merker Sjahenes sjah og Imperiet seg ut; den fyrste omhandlar Iran før den revolusjonen i 1978-79, den andre tek føre seg oppløysinga av Sovjetunionen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ryszard Kapuściński» frå , den 9. desember 2016.

Kategori:Polske forfattarar Kategori:Polske journalistar