«(You're the) Devil in Disguise» er ein song frå 1963 av Elvis Presley, skriven av låtskrivarane Bill Giant, Bernie Baum og Florence Kaye. Han vart publisert av Elvis Presley Music i juni 1963. Denne songen nådde tredjeplassen på Billboard-lista i USA 10. august 1963 og niandeplassen på Billboard Rhythm and Blues-lista, og vart den siste topp 10-singelen hans på Rhythm and Blues-lista. Singelen selde til gullplate i USA for 500 000 selde eksemplar. Songen toppa òg Utamatic-lista i Japan hausten 1963.
I 1963 vart songen spelt for eit britisk publikum for første gongen på BBC-showet Juke Box Jury, der kjendisgjesten John Lennon stemnde songen som «ein miss» og sa at den nye songen til Elvis Presley var «som Bing Crosby no». Songen nådde toppen av den britiske singellista.
Presley spelte opphavleg inn songen 26. mai 1963, i RCA Studios i Nashville. «(You're the) Devil in Disguise» og B-sida «Please Don't Drag That String Around» vart spelte inn for eit heilt album som var planlagt for 1963, men RCA valde i staden å gje ut desse songane som singlar og som bonusspor på filmmusikkalbum.Christopher Niccoli (1991), liner notes for The «Lost» Album (BMG-RCA 61024-2), 1991
Bass-songaren J.D. Sumner er med på songen og syng i eit lågt register for å representere djevelen med linja «Oh, yes, you are», før songen tonar ut.
Lister og salstrofé
Vekeslister Liste (1963)PlasseringCanada (CHUM Chart)1Finland (Den finske singellista)1French Singles (SNICP)1Ireland (IRMA)1New Zealand Singles (NZFPI)3US Hot R&B Sides9
Liste (2005)Plassering
Årslister Liste (1963)RankUS Singles (Cash Box)76
Tiårslister Liste (1960-69)RankGerman Singles (Boxen-Schlager)107
Salstrofé
Andre versjonar Ein versjon av Trisha Yearwood finst på Honeymoon in Vegas, som hovudsakleg består av Presley-songar. Punkrockbandet The Misfits spelte inn songen på den utvida utgåva av Project 1950, eit album som òg inneheld ein versjon av Presley sin «Latest Flame». Den svenske komikaren Robert Gustafsson spelte inn ein versjon av songen i 1990-åra.
Innspelingar
Ein spansk versjon kalla «Un diablo disfrazado» skriven av Augusto Algueró vart framført av Luis Aguilé i 1963. Peter Buchenkamp skreiv ein tysk tekst kalla «Liebe kälter noch als Eis» som vart framført av Rex Gildo i juli 1963.
Ein fransk versjon av songen kalla «Tu n'as rien de tout ça» vart skriven av Ralph Bernet. Denne vart først framført av Eddy Mitchell i november 1963, og sidan av Johnny Hallyday i 1964 og så av Betty & The Bops i 2000.
Moog Konttinen skreiv ein fink tekst kalla «Nainen valepuvussa» som vart framført av Kontra i 1977.
Ein nederlandsk tekst vart skriven av Nelly Byl og kalla «Duivelskind». Denne vart framført av Will Tura i 1984. Ein tsjekkisk versjon kalla «Ďábel tisíc tváří má» vart framført av Karel Gott i 2012.
I popkulturen «(You're the) Devil in Disguise» er med i kortfilmen til Kenneth Anger kalla Scorpio Rising.
Songen vert òg nytta i Disney-filmen Lilo & Stitch og det påfølgjande filmmusikkalbumet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «(You're the) Devil in Disguise» frå , den 14. desember 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Japan Kategori:Nummer-ein-singlar i Finland Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Nummer-ein-singlar i Frankrike Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Florence Kaye Kategori:Songar skrivne av Bill Giant Kategori:Songar skrivne av Bernie Baum Kategori:Werner Müller-songar Kategori:Showaddywaddy-songar Kategori:Trisha Yearwood-songar Kategori:The Jordanaires-songar Kategori:Eilert Pilarm-songar Kategori:Christer Sjögren-songar Kategori:Amanda Lear-songar Kategori:Karel Gott-songar