Karl Henry Karlsen () var ein norsk arbeidar og politikar frå Halden. Han var ordførar i Tune i til saman 30 år, og representerte Østfold og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1951 til 1957.

Karlsen var son til ein arbeidsformann på veveri. Sjølv var han utdanna mekanikar, seinare gjekk han ein teknisk kveldsskule. Han arbeidde ved Greåker Cellulosefabrik, der han var formann i åra frå 1930 til 1963.

I 1925 vart Karlsen vald inn i formannskapet i Tune herad. Frå 1937 var han ordførar til 1941, då han vart fjerna frå posisjonen av den tyske okkupasjonsmakta. Etter 2. verdskrigen var over fekk han tilbake ordførarombodet og var Tune herads øvste leiar i over 26 år. Som ordførar møtte han på fylkestinget i Østfold, der han i fleire periodar var formann.

Karlsen var fyrste varamann til Stortinget 1950-53. Då representanten Anton Berge døydde 4. juli 1951, rykte Karlsen inn på Tinget og tok sete i Landbrukskomiteen. Ved stortingsvalet 1953 fekk han fast tingplass, han var dei neste fire sesjonane medlem i Kommunalkomiteen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Ordførarar i Tune Kategori:Ap-ordførarar i Østfold Kategori:Fylkestingspolitikarar i Østfold Kategori:Fylkestingspolitikarar frå Ap Kategori:Folk frå Halden Kategori:Folk frå Sarpsborg