Sanna Charlotte Solberg-Isaksen () er ein norsk handballspelar som sidan 2017 spelar for danske Esbjerg. Ho har i tida 2014-24 vunne tre EM-gull, to VM-gull og eitt OL-gull med det norske landslaget. Pr august 2024 har ho delteke i 213 landskampar og skåra 408 mål. Kantspelaren er tvillingsyster til målvakta Silje Solberg-Østhassel.
Klubbspel Solberg spelte på Helset IF til 2010, då ho melde overgang til Stabæk IF i den norske toppserien. Sommaren 2014 flytta ho vidare til den suverene noregseinaren Larvik HK. Med Larvik-klubben vann ho NM-gull i 2014 og 2015, og vart seriemeister både i 2015 og 2016. I 2017 skreiv ho kontrakt med det danske topplaget Esbjerg.
Landslagsspel I juli 2010 var Solberg med på vinne junior-VM i handball. Same hausten, 21. september 2010, fekk ho sin landslagdebut mot Romania. Under handball-EM 2014 i Ungarn skåra ho mange mål frå venstrekanten, i ein meisterskap der Noreg kleiv til topps etter finalesiger 28-25 over Spania. Året etter var ho også med på det norske laget som vart verdsmeister under VM 2015. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro fekk ho auka medaljesamlinga med bronse, etter at Noreg tapte ein jamn semifinale mot Russland og deretter vann klart over Nederland i bronsefinalen.
Merittar landslag VM 2013: Nr 5 med Noreg EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sanna Solberg» frå , den 18. desember 2016. Landskampar
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2014 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2019 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner