Klippedomen er ein muslimsk heilagdom i Gamlebyen i Jerusalem. Han er ein åttekanta bygning med forgylla kuppel som er reist på staden profeten Muhammed skal ha reist til himmelen frå. Bygningen blei opphavleg fullført under omajadekalifen Abd al-Malik, og er med dette eit av dei eldste døma på islamsk arkitektur.

Klippedomen er eit kjennemerke for Jerusalem, og er som del av Gamlebyen med på UNESCO si liste over verdsarv, saman med mellom anna Vestmuren (Klagemuren) og Gravkyrkja i nærleiken.

Domen blir ofte omtalt som Klippemoskeen, men er ikkje eigentleg ein moské. Han ligg like ved al-Aqsa-moskeen på Tempelhøgda, som er den tredje mest heilage staden i islam, etter Mekka og Medina, i tillegg til å vera heilag også for jødar og kristne. Staden han er bygd på husa tidlegare eit romersk tempel til Jupiter Capitolinus, og før dette Det andre jødiske tempelet i Jerusalem. Ifølgje jødisk tradisjon er domen reist over klippa patriarken Abraham ville ofra Isak på.

Bygget blei truleg reist frå 687 til 691. Den opphavlege kuppelen kollapsa i 1016 og blei bygd opp att i 1021.

Galleri

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Klippedomen» frå , og «Dome of the Rock» frå den 19. desember 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Islamske heilage stader Kategori:Islamsk arkitektur Kategori:Omajade-ariktektur Kategori:Heilagdomar i Jerusalem Kategori:Skipingar i 691 Kategori:Tempelhøgda