mini|Caganer i tradisjonell utforming med barretina, ein tradisjonell katalansk luetype. mini|Nyare meir humoristisk caganer. Caganer (katalansk uttale ) er ein liten figur som går igjen i julekrybber i Catalonia, i nærliggjande område og ein del andre stader i Sør-Europa. Figuren viser ein person som huker seg ned for å skita (caganer tyder 'skitaren'). Opphavleg var han ein bondefigur i tradisjonelle katalanske klede, men i nyare tid er det også blitt laga kvinnelege caganerar og figurar som viser ulike samfunnsgrupper eller kjendisar i posituren.

Historie Opphavet til caganer-figuren er ukjend, men skal gå tilbake til 1500-talet.

Organisasjonen Amics del Caganer ('Vener av caganeren') knyter skikken med caganeren i krybba til framveksten av store barokke krybber seint på 1600- eller tidleg på 1700-talet.Amics del Caganer (Friends of the Caganer). Consulted 23 December 2010. Figuren blei allment populær på 1800-talet.«caganer», Gran Enciclopèdia Catalana. Henta 24. desember 2014.

I tillegg til i Catalonia er figuren kjend frå nærliggane område i Andorra og Murcia, men også i Portugal, der dei blir kalla cagões, og i Napoli i Italia, der dei blir kalla cacone eller pastore che caca.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Caganer» frå , og «Caganer» frå den 29. desember 2016.

Bakgrunnsstoff caganer.com Les chieurs – Pooping stars : A new series of collectible caganers

Kategori:Katalansk kultur Kategori:Julepynt Kategori:Julekrybber