«Long Black Limousine» er ein song skriven av Vern Stovall og Bobby George. Han er mest kjend i ei innspeling med Elvis Presley, som gjorde den opphavlege countrysongen om til ein sjelful rhythm and blues-song.
Stovall og George var countryartistar i Sør-California, og skreiv truleg songen i 1958, då han først vart spelt inn (men ikkje gjeven ut før fleir år seinare) av Wynn Stewart. Den første utgjevne versjonen var av Stovall i 1961, etterfølgd av Glen Campbell i 1962. Den einaste versjonen som nådde singellista (73. plassen på countrylista i 1968) vart spelt inn av Jody Miller. Versjonen hennar finst òg på albumet The Nashville Sound of Jody Miller i 1968. O.C. Smith-versjonen vart gjeven ut som B-sida til singelen «Little Green Apples» i 1968. Elvis Presley-versjonen kom ut på albumet From Elvis in Memphis i 1969.
Mange andre artistar har spelt inn songen, som Bobby Bare (1964), Glen Campbell (1964), Merle Haggard (1967), Jeannie Seely (1968), Connie Smith (1969), The Grateful Dead (1969), Doug Jernigan (1970), Rattlesnake Annie (1981) og Barb Jungr (2005).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Long Black Limousine» frå , den 30. desember 2016.
Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Glen Campbell-songar Kategori:Jody Miller-songar Kategori:O.C. Smith-songar Kategori:Bobby Bare-songar Kategori:Merle Haggard-songar Kategori:Connie Smith-songar Kategori:Grateful Dead-songar