True Love Travels on a Gravel Road er ein song skriven av Frazier-Owens og gjort populær av Elvis Presley. Han vart først spelt inn av Duane Dee i 1968, og vart ein liten hit for han med ein 58. plass på countrylista i USA. Presley spelte inn songen 17. februar 1969 i American Sound Studios i Memphis. Han framførte òg songen på International Hotel i Las Vegas den 26. januar 1970. Songen finst på From Elvis in Memphis, i tillegg til fleire samlealbum som The Memphis Record, The Memphis 1969 Anthology: Suspicious Minds og From Nashville to Memphis: The Essential '60s Masters.

Ei innspeling frå 1969 av Percy Sledge vart òg ein suksess.

I 1995 vart songen gjeven ut på singel av Nick Lowe for Unichappell Music/Acuff Rose Music (BMI).

The Highwaymen spelte inn songen og The Afghan Whigs gav ut sin versjon på EP-en Uptown Avondale. Det australske blues- og rootsbandet The Revelators spelte inn songen i 2000 på albumet The Adventures of The Amazing Revelators.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «True Love Travels on a Gravel Road» frå , den 2. januar 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Songar skrivne av A.L. «Doodle» Owens Kategori:Songar skrivne av Dallas Frazier Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Percy Sledge-songar Kategori:Nick Lowe-songar Kategori:The Highwaymen-songar Kategori:The Afghan Whigs-songar Kategori:The Revelators-songar