Horisontal genoverføring er prosessen der organismar, i hovudsak bakteriar og arkar, kan ta opp gen og andre DNA-sekvensar frå organismar, og skil seg soleis frå øksling, der DNA går frå forelder til avkom.
I bakteriar hender horisontal genoverføring gjennom tre ulike mekanismar:
sella tek opp i seg nake DNA frå omgjevnadene (kalla transformasjon) bakterisella er i fysisk kontakt med sella ho får DNA frå (kalla konjugasjon) det nye DNA-et kjem gjennom ein bakteriofag (kalla transduksjon)
Horisontal genoverføring kan henda mellom organismar frå vidt ulike taksonomiske einingar, til dømes frå prokaryotar til eukaryotar. Fleire kopiar av Wolbachia-genom, ei slekt av bakteriar som mellom anna koloniserer ulike leddyr, vart funne i genomet til fruktfluga Drosophila ananassae.
Kjelder
Kategori:Genetikk