Sem Gjestegård er eit kurs- og konferansesenter i Asker kommune. Garden har tidlegare vore eigen landbruksskule og del av Noregs landbrukshøgskule.

Historie Sem hovudgard, opphavleg Nedre Sem gard på Sem i Asker, var tilhaldsstad for Sem landbruksskule frå 1886. Skulen blei driven av Wilhelm og Bernt Holtsmark, sistnemnde etterkvart ein statsråd som også åtte Tveter gard i Asker. Etter at staten tok over eigedommen i 1914 blei Sem ein offentleg utdanningsinstitusjon, Statens Småbrukslærerskole. I 1962 blei garden ein del av Norges landbrukshøgskole. Sem blei brukt til pedagogiske seminar, interne konferanser og huste instituttet for birøkt.

Sidan 1995 har garden vore nytta som kurs- og konferansesenter etter omfattande ombygging. Sem Gjestegård har 47 hotellrom med kapasitet til 78 overnattingsgjester.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sem hovedgård (Asker)» frå , den 8. januar 2017.

Bakgrunnsstoff Nettstad for Sem Gjestegård Litteratur Edvin Kile: Statens småbrukslærerskole. 1997. Halvard Torgersen: Bidrag til Bygdens Gaardshistorie. 1916.

Kategori:Herregardar i Noreg Kategori:Kultur i Asker Kategori:Norsk landbrukshistorie Kategori:Byggverk i Asker Kategori:Gardar i Akershus