Marta Tomac () er ein norsk og kroatisk handballspelar frå Trondheim som spelar på IK Våg/Vipers. Våren 2021 var ho med då laget frå Kristiansand vann EHF-meisterligaen. Ho vart verdsmeister med Noreg i 2015 og europameister i 2016 og 2020. Tomac er rykkromspelar og utmerker seg som spelstyrar.
Landslagsspel Tomac er både fødd og oppvaksen i Noreg, men deltok på kroatiske landslag i ungdomsåra og spelte 11 kampar på det kroatiske A-landslaget, mellom anna under kvalifiseringa til Handball-EM 2010.
Hausten 2015 fekk Tomac norsk statsborgarskap og allereie den 26. november 2015 debuterte ho på det norske landslaget under Møbelringen Cup 2015 mot Russland. Her overbeviste ho og vart teken ut til handball-VM 2015 i Danmark, der ho var med å vinne gull. Til Sommar-OL 2016 kom ho ikkje med, derimot deltok ho på det norske laget som vann EM 2016 i Sverige. Under europameisterskapen 2020 vart ho utteken til reserve, deltok i 1 gruppespelkamp og fekk dermed gullmedalje. Sommaren 2021 var ho med på det norske laget som under dei olympiske sommarleikane i Japan sikra seg bronsmedalje. Ved utgangangen av 2021 har ho delteke i 88 landskampar for Noreg og skåra 78 mål.
Merittar landslag VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige
Kjelder
Landskampar Denne artikkelen bygger på «Marta Tomac» frå , den 14. januar 2017.
Kategori:Kroatiske handballspelarar Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Folk frå Trondheim