mini|Falcon Heavy på oppskytingsrampe 39A mini|Falcon Heavy under oppskyting mini|Siderakettane frå ei oppskyting kjem inn for landing på Cape Canaveral mini|Midrakett kjem inn for landing på prammen Of Course I Still Love You ute i Atlanterhavet
Falcon Heavy er ein bererakett utvikla av SpaceX. Han kan skyta opptil 54 tonn nytelast opp i jordbane.
Den fyrste oppskytinga av raketten fann stad 6. februar 2018 og var ei prøveoppskyting. Ho sende ein Tesla Roadster ått av Elon Musk med ei dokke i førarsetet inn i solbane. Den fyrste kommersielle oppskytinga fann stad litt over eitt år seinare, 12. april 2019 norsk tid.
Fyrstesteget til Falcon Heavy er sett saman av tre Falcon 9-rakettar med ni Merlin-rakettmotorar kvar, slik at heile fyrstesteget i alt har 27 rakettmotorar. Dei tre fyrstestegsrakettane er sette saman slik at ein rakett sit i midten og ber andresteget med nyttelasta, medan dei to andre rakettane er feste til midraketten på kvar si side.
Kjelder <references> «Falcon Heavy» - SpaceX og vert etter planen skoten opp for fyrste gongen tidleg i 2018.</ref> «Updated | SpaceX successfully launches Falcon Heavy» - SpaceNews «SpaceX’s Falcon Heavy successful in commercial debut» - Spaceflight Now </references>
Kategori:SpaceX