Vida Vencienė, fødd Mogenytė, () er ein litauisk tidlegare langrennar frå Ukmergė som vart olympisk meister på 10 km i 1988, då ho representerte Sovjetunionen.

Vencienė debuterte i verdscupen i langrenn med ein femteplass på 10 km i kanadiske Bibawik i desember 1985. Ho deltok på 10 km då Ski-VM 1987 fann stad i Oberstdorf, der ho enda på 13. plass. OL-sesongen 1988 vart ho nummer to på ein 10 km i sovjetiske Kavgolovo, hennar nest beste plassering i eit verdscuprenn. Seks veker seinare kom høgdepunktet då ho vann gullmedaljen på 10 km og deretter tok bronsemedaljen på 5 km under Vinter-OL 1988 i Calgary. Året etter var sjuandeplassen på tremila hennar beste prestasjon i Ski-VM 1989.

Sesongane 1992-94 deltok Vencienė i dei internasjonale meisterskapane som representant for Litauen. Ein 11. plass på 15 km ved Vinter-OL 1992 i Albertville vart ståande som det beste resultatet frå den perioden.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar.

Kategori:Litauiske langrennsløparar Kategori:Sovjetiske langrennsløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Litauiske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Litauiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1994