Bjarne Henry Henriksen () var ein norsk arbeidar og politikar frå Arendal. Han representerte Aust-Agder og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1954 til 1969.

Henriksen var son til ein snikkar. Sjølv var han industriarbeidar frå 1918 til 1948, bortsett frå åra 1921-27, då han arbeidde på kontor. Frå 1948 til -53 var han disponent for avisa Tiden i Arendal.

Henriksen var medlem av landsstyret i Arbeidernes Ungdomsfylking frå 1933 til -35. Han var medlem i bystyret i Arendal 1934-37 og frå 1945 til 1965. Åra 1950-53 var han varaordførar.

Hausten 1953 vart Henriksen vald inn på Stortinget frå Aust-Agder, og med attval i 1957, 1961 og 1965 vart han sitjande på Tinget til 1969. Dei fire fyrste sesjonane var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Sidan hadde han plass i Finanskomiteen, sekretær i denne i tida 1963-65.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Folk frå Arendal