mini|1. garde-stridsvognarmé. Frå 1942 til 1944 var namnet, 1. stridsvognarmé 1. garde-stridsvognarmé (transkribert russisk 1. gvardejskaja tankovaja armija) er ei avdeling i den russiske hæren.
1. stridsvognarmé var namnet frå 1942 til 1944.
Første oppsetting 1. stridsvognarmé frå Sovjetunionen vart sett opp i Stalingrad i juli 1942, men vart snart omringa og delvis øydelagt. Han var då leia av generalmajor K.S. Moskalenko.
1. stridsvognarmé var ein sovjetisk formasjon som kjempa som ein del av Den raude armeen på austfronten under andre verdskrigen. Arméen vart leidd gjennom det meste av krigen av Mikhael Katukov. Han kjempa under slaget om Stalingrad og Operasjon Uranus, og deltok i slaget ved Kursk.
Andre oppsetting 1. stridsvognarmé vart igjen sett opp den 30. januar 1943 under kommando av Mikhael Katukov, som var personleg oppnemnd av Stalin, og overført til Nordvestre front.
Namnet vart endra til 1. garde-stridsvognarmé (frå Sovjetunionen), den 25. april 1944.
Tredje oppsetting Etter krigen vart 1. stridsvognarmé tildelt Ordenen til Raude Fane og vart ein del av den sovjetiske okkupasjonsmakta i Tyskland, kjent som Gruppa av sovjetiske styrkar i Tyskland med hovudkvarter i Dresden. På slutten av 1980-talet vart hovudkvarteret trekt tilbake til Smolensk i Moskva militærdistrikt og oppløyst i 1998.
Reaktivering Etter ein 16-års pause, vart 1. garde-stridsvognarmé (frå Russland) sett opp att i Moskva-området, Vestre militærdistrikt i november 2014 . I denne oppsettinga har arméen to manøverdivisjonar (4. stridsvogndivisjon og 2. motoriserte infanteridivisjon).
1. garde-stridsvognarmé har hovudkvarter i Odintsovo i Moskva-området, med følgjande manøvereiningar på taktisk nivå:
Militær kommando og kontroll 69. kommando- og kontrollbrigade i Bakovka. 96. etterretningsbrigade i Sormovo, Nizjnij Novgorod
Manøverelement 2. motoriserte infanteridivisjon med hovudkvarter i Kalininets i Moskva-området. 4. stridsvogndivisjon med hovudkvarter i Naro-Fominsk i Moskva-området. 27. motoriserte infanteribrigade med hovudkvarter i Mosrentgen i Moskva-området. 6. stridsvognbrigade med hovudkvarter i Mulino i Nizjnij Novgorod-området.
Militær eldstøtte på operasjonelt nivå. 112. bakke-til-bakke missilbrigade, forlagt til Sjuja 288. artilleribrigade med hovudkvarter i Mulino i Nizjegorod oblast 49. luftvernbrigade med hovudkvarter i Krasnyj Bor, Smolensk oblast
Anna stridsstøtte 20. ABC-vernregiment er forlagt til Nizjnij Novgorod
Militær logistikk 69. forsyningsbrigade forlagt til Dzerzjinsk
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «1. stridsvognarmé» frå , den 28. januar 2017.
Referansar
Kategori:Det russiske forsvaret Kategori:Det sovjetiske forsvaret Kategori:Russiske arméar og armékorps