Zygmunt Bauman () var ein polsk jødisk sosiolog og filosof. Han vart driven ut or Polen då den kommunistiske regjeringa sette i verk politiske utreinskingar i 1968, samstundes som han vart tvinga til å gje avkall på sitt polske statsborgarskap då han flytta til Storbritannia. Bauman var ein av dei aller fremste samfunnsteoritakarane i verda, med verk om så åtskilde emne som modernitet, holocaust, forbrukarsamfunn og seinmoderne samfunn.

Familie Zygmunt Bauman var fødd inn i ein jødisk familie og budde fram til byrjinga av den andre verdskrigen i Poznań. Dernest flytta familien hans til Sovjetunionen. Bauman tok del i slaget om Kołobrzeg der han vart såra og i slaget om Berlin.

Etter krigen studerte han sosiologi ved Universitetet i Warszawa. Som fylgje av dei politiske utreinskingane i 1968 forlét han Polen og emigrerte fyrst til Israel, og dernest til England i 1971, der han vart professor i sosiologi ved University of Leeds, og seinare emertius i 2004.

Han var gift med forfattaren Janina Bauman (fødd Lewinson) som overlevde Warszawagettoen.

Filosof Bauman var særleg kjent for sine analysar av den postmoderne forbrukarkulturen og samanhengane mellom moderniteten og Holocaust.Knut Olav Åmås. – Usikkerhet skaper fundamentalisme; Aftenposten, 12. oktober 2011. Han yrkte mykje med postmodernismekonseptet, men nytta sidan 2000 nokre anna omgrep for å skildra utviklinga innan moderniteten, nemleg «fast» og «flytande modernitet».Nielsen, Torben Hviid: Zygmunt Bauman i Store norske leksikon i snl.no. Henta 18. februar 2023.

Bauman er særleg kjent for boka si Moderniteten og Holocaust frå 1989 der han argumenterte for at jødeutryddinga kunne tolkast som ein logisk fylgje av opplysingstida og det moderne prosjekt. Bauman hevda Holocaust ikkje kunne verta forklara som eit resultat av rasehat i det tyske folk, og heller ikkje til å forstå som psykologiske avvik i krinsen rundt Adolf Hitler. Bauman meinte jødeutryddinga fann stad av di at nyttetenking, produksjon og orden hadde vorte overordna mål for nasjonalstaten slik at solidaritet og ansvar for medmenneske vart forskove frå enkeltindividet til eit ansiktslaust byråkrati.13 nye æresdoktorer ved Universitetet i Oslo Uniforum nr. 12 1997

Prisar og utmerkingar Bauman tok imot Fyrstinnen av Asturias' pris for kommunikasjon og humaniora for 2010.Prince of Asturias Award for Communication and Humanities 2010, Fundación Príncipe de Asturias. Han var også æresdoktor ved Universitetet i Oslo. I 1989 fekk han den italienske Amalfiprisen for Moderniteten og Holocaust.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zygmunt Bauman» frå , den 30. januar 2017. Denne artikkelen bygger på «Zygmunt Bauman» frå , den 18. januar 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Polske filosofar Kategori:Sosiologar Kategori:Medlemmar av Det polske vitskapsakademiet