mini|Keith Emerson i 1977
Keith Noel Emerson () var ein engelsk klaverspelar, låtskrivar og filmkomponist. Han spelte klaverinstrument i ei rekkj band før han slo gjennom med The Nice seint i 1960-åra. Han vart internasjonalt kjend for arbeidet sitt med The Nice, der han mellom anna laga rockearrangement av klassisk musikk. Etter han slutta i The Nice i 1970 var han med å skipe Emerson, Lake & Palmer (ELP), ei av dei første progressiv rock-supergruppene. Emerson, Lake & Palmer hadde stor suksess gjennom 1970-åra og vart ei av dei mest kjende progressive rockegruppene på den tida. Emerson skreiv og arrangerte mykje av musikken til ELP på album som Tarkus (1971) og Brain Salad Surgery (1973), der han kombinerte sine eigne originale komposisjonar eller tradisjonelle stykke som vart omgjort til rock.Lupis, pp. 6–8.
Då ELP vart oppløyst mot slutten av 1970-åra la Emerson ut på ein solokarriere, skreiv musikk for fleire filmar og skipa banda Emerson, Lake & Powell og 3 med ein liknande stil som ELP. Tidleg i 1990-åra vart Emerson med i ELP att, og dei gav ut to album og gjennomførte fleire turnear før dei igjen vart oppløyste seint i 1990-åra. Emerson vart òg sameint med The Nice att i 2002 for ein turné.
I 2000-åra fortsette Emerson solokarrieren sin, mellom anna med sitt eige Keith Emerson Band og samarbeid med fleire orkester. I 2010 drog han på turné med ELP-medlemmen Greg Lake, og på ein av konsertane i London vart heile ELP samla for å feire 40-årsjubileet til bandet. Det siste albumet til Emerson, The Three Fates Project, kom ut i 2012. Emerson sleit visstnok med depresjon og hadde dei seinare åra utvikla ein nerveskade som hindra han i å spele, og som gjorde han nervøs for å opptre. Han tok livet sitt 11. mars 2016 i heimen sin i Santa Monica i California.
Emerson vart ofte rekna som ein av dei aller beste klaverspelarane innan progrocken. AllMusic skildra Emerson som «kanskje den største, mest teknisk begava klaverspelaren i rockehistorien».
Diskoggrafi
Solo
Studioalbum Honky (1981) The Christmas Album (1988) Changing States (1995) Emerson Plays Emerson (2002) Keith Emerson Band featuring Marc Bonilla (2008) The Three Fates Project (med Marc Bonilla, Terje Mikkelsen) (2012)
Filmmusikk Inferno (1980) Nighthawks (1981) Best Revenge (1985) Murder Rock (1986) Harmageddon/China Free Fall (1987) La Chiesa (2002) Godzilla: Final Wars (2004)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Keith Emerson» frå , den 3. august 2019. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Keith Emerson on Find-a-grave.com
Kategori:Engelske komponistar Kategori:Engelske organistar Kategori:Engelske pianistar Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:Engelske rockeklaverspelarar Kategori:Engelske rockepianistar Kategori:Musikarar døde av sjølvmord Kategori:Progressive rock-klaverspelarar Kategori:The Nice-medlemmar Kategori:Emerson, Lake & Palmer-medlemmar Kategori:The Best-medlemmar Kategori:Emerson, Lake & Palmer Kategori:Emerson, Lake & Powell-medlemmar