Lars Holen () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Alvdal som representerte Hedmark og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1965 til -77.
Holen var son til ein småbrukar og var sjølv gardbrukar frå 1931. Seinare var han også rekneskapsførar for Landbruksøkonomisk institutt frå 1954.
Under andre verdskrigen var Holen aktiv i motstandsrørsla, mellom anna var han med i Milorg. Frå 1947 til 1967 var han med i heradsstyret i Alvdal, varaordførar 1960-63 og ordførar 1964-67.
Frå hausten 1965 til 1977 var Holen stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet og heimfylket. Dei to fyrste sesjonane var han med i Protokollkomiteen. Frå 1967 til mars 1971 var han medlem i Landbrukskomiteen. I samband med at den fyrste Bratteli-regjeringa vart etablert, tok Holen over som sekretær i den same komiteen, ein posisjon han hadde resten av stortingsperioden. Tingbolken 1973-77 var han medlem i Samferdslekomiteen.
Holen var nestformann i Norsk Bonde- og Småbrukarlag i 1967–1972. Han var medlem i fleire offentlege råd og utval, til dømes Statens korn- og kraftforråd 1968-86, utvalet av 1970 som vurderte reglane for bruk av omsetningsavgifta, utvalet av 1972 til å utgreie behovet for regulering av motorisert ferdsel i utmark og utvalet av 1972 til revisjon av jordskiftelova. Frå 1977 til -83 var han styreleiar i Norsk Tipping A/S.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ordførarar i Alvdal Kategori:Ap-ordførarar i Hedmark Kategori:Norske rekneskapsførarar Kategori:Folk frå Alvdal