Hans Kristian Hogsnes () var ein norsk pressemann og politikar, fødd og død i Tønsberg. Han representerte partiet Høgre på Stortinget i perioden 2001-05.

Hogsnes gjekk Tønsberg gymnas 1970–73 og Rønningen Folkehøgskole 1973/74. Frå 1975 til -81 var han journalist i Tønsbergs Blad, deretter arbeidde han 1981 i Høyres Pressebyrå og var så redaktør i Høyres Avis 1981–84. Eit langt tiår, 1984-95, var han nattredaktør og vaktsjef i Tønsbergs Blad.

Hogsnes var politisk aktiv i Unge Høgre. I tida 1976-87 var han medlem i Sem kommunestyre, varaordførar 1985–87, og skulestyreformann i Sem 1984–87. Frå 1988 var han medlem i Tønsberg kommunestyre til 2001, ordførar dei siste seks åra. Han var 1992-95 også medlem av fylkestinget i Vestfold.

Valperioden 2001-05 sat Hogsnes på Stortinget frå Vestfold fylke, der han var andre nestleiar i Kommunalkomiteen. Etter 2005 var han rådgjevar i kommunalpolitikk for partiet Høgre. Ved sidan av partipolitikk engasjerte Hogsnes seg mellom anna i kyrkjelege aktivitetar og i fråhaldssaka.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hans Kristian Hogsnes» frå , den 18. februar 2017.

Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Folk frå Tønsberg Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre