Ole Bergesen () var ein norsk jurist og politikar frå Stavanger som representerte partiet Høgre på Stortinget i tida 1954-65.

Bergesen var son til ein skipsreiar. Etter eksamen artium i 1937 studerte han jus i Oslo og vart cand.jur. i 1941. Dei neste åra var han dommarfullmektig, til han i 1945 vart leiar for Landssvikavdelinga i Follo. Frå 1946 dreiv han sakførarforretning i heimbyen til han døydde i 1965. Jamsides var han åra 1946-54 lærar i sjørett ved Stavanger sjømannsskule. Dessutan var han styreformann 1946-53 i Rogaland Teater A/S 1946-1953 og 1952-65 for Trio fabrikker.

Ved stortingsvalet 1953 vart Bergesen vald inn på Stortinget frå Rogaland, og vart sidan attvald to gongar. På Tinget var han nestformann 1954-61 i Protokollkomiteen og 1961-62-sesjonen medlem i Justiskomiteen. Frå oktober 1962 var han tilbake i Protokollkomiteen, fyrst som nestformann til 26. april 1963 og deretter vanleg medlem til han døydde i den siste sesjonen av hans tredje valperiode. Peter T. Molaug rykte då inn på fast stortingsplass.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Stavanger