Sirkulær sannsynleg feil eller CEP (frå engelsk circular error probable) er ein talindikator for prosjektilvåpen eller missil sitt forventa treffområde, og eit mål på presisjonen. Talet vert oppgitt i meter på ein radius rundt målet der halvparten (50 %) av stridshovuda eller prosjektila treff. Med dette fylgjer at eit lågt tal gjev høg presisjon. Som døme kan nemnast den første amerikanske Pershing-raketten (MGM-31) med CEP på 400 meter, medan den neste versjonen, Pershing-2, hadde CEP på berre 30 meter.

mini|Normalfordeling (bell curve) i tre dimensjoner CEP byggjer på ei multivariat normalfordeling, men kan også synast ved hjelp av normalfordeling. Sannsynstettleiksfunksjonen til normalfordelinga gjev , der μ er venta verdi (her sentertreff) og σ er standardavvik (gjeve i gjennomsnittleg feilradius). Ei grafisk framstilling med feilmargin langs den horisontale aksen og talet på treff langsmed den vertikale aksen vil danne ei kurve som minner om ei bjølle – derav det engelske uttrykket bell curve. CEP gjev då det prosentvise middelavviket.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Circular error probable» frå , den 25. februar 2017.

Kategori:Statistikk Kategori:Ballistiske missil