Andreas Sivert Mathias Danielsson Liset () var ein norsk lærar og ungdomslagleiar frå Rovde på Sunnmøre.

Liset var frå garden Litjerovde i Rovde. Etter han tok lærarskuleeksamen i 1893, skulte han to år i Herøy og eitt år i Rødøy. Frå 1896 underviste han i skulen på Stord. I tida 1914-31 var han tilsett ved Sunnhordland Folkehøgskule.

Liset var ein mykje aktiv kar i ungdomslags- og målrørsla, og var formann i fleire lag der han hadde vore sentral i skipinga. Frå 1911 til 1922 var han formann i Hordaland ungdomslag. Han var elles styremedlem både i Gula Tidend og i Vestlandske Mållag. Elles redigerte han bladet Halsnøy kloster.

Han døydde på Halsnøy i Kvinnherad.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Kategori:Norske skulefolk Kategori:Folk frå Vanylven Kategori:Målfolk