SEAS Fabrikker AS i Moss er ein norsk produsent av høgtalardrivarar. SEAS produserer eit stort utval av forskjellige typar drivarar, som vert nytta av mange forskjellige høgttalarprodusentar, både i Europa og Nord-Amerika.
Histori Føretaket har røter attende til 1948, då Radionette tok til å produsera høgtalardrivarar for radiomottakarane sine. Dei tilsette dansken C.C. Nørgaard Madsen som konstruktør. Han var son til grunnleggaren av Videbæk Højttalerfabrik (i dag Vifa). I 1950 vart drivarproduksjonen skild ut som eit eige føretak, kalla Skandinavisk Elektronikk A/S (SEAS), for å gjera det lettare å selgja til andre radioprodusentar. I 1951 flytta SEAS til Jeløya i Moss kommune. I 1956 vart føretaket eit lutlag med namnet «Skandinavisk Elektro-Akustisk Selskap», så akronymet SEAS kunne framleis brukast. Nørgaard Madsen og eigaren av Radionettet, Jan Wessel, eigde kvar 50 % av lutlaget. I 1956 vart namnet endra til «SEAS Fabrikker A/S», som framleis er i bruk. Alt på 1950-talet hadde dei eit primitivt ekkofritt rom, der dei utførte målingar. I tida før transistorane tok over produserte SEAS opp til 5000 småsignal- og utgangstransformatorar per dag, til røyrforsterkarane som Radionettet produserte.
I 1961 tok Wessel og Nørgaard Madsen over eigarskapet av Videbæk Højttalerfabrik i Danmark og selde aksjeane til SEAS. Magnus Nesdam-Madsen vart tilsett som produksjonssjef for den danske avdelinga. I 1974 hadde SEAS ca. 100 tilsette i Danmark. I 1963 vart Ragnar Lian tilsett ved SEAS. Han var frå Hof, men hadde studert ved Århus Teknikum (ein del av Aarhus Universitet), der Nørgaard Madsen òg hadde studert. I 1966 hadde SEAS ei omsetning på 6,6 milionar kroner, i 1969 11,7 millionar, i 1973 42.3 millionar, i 1982 52 millionar. I 1974 flytta føretaket inn i nye lokalar på Moss. På 1970-talet hadde SEAS rundt 250 tilsette, og på 1980-talet var dei oppe i 400.
I 1977 vart Magnus Nesdam-Madsen tilsett som dagleg leiar for SEAS. Han hadde ein autoritær leiarstil, som førte til fleire streikar. Under ei streik freista han å flytta noko av produksjonen til Danmark, men vart stogga av tollarane på grensa, av di det ikkje er lov å flytta produksjonen under ein streik. Mykje tydar på at han ville flytta all produksjonen til Danmark, men ved hjelp av norske politikarar lukkast det å berga den norske delen av føretaket, men den danske avdelinga hamna i ein utsett posisjon. I 1981 reiv den danske avdelinga seg laus frå SEAS og tok namnet Vifa. I 1982 vart SEAS i Moss refinansiert, men 1980-talet var ein vanskeleg periode, og i 1990 hadde førtaket berre 90 tilsette. I 2014 vart SEAS kjøpt av Sonavox Canada. SEAS har i i 1982 52 millionar. I fylgje hadde dei i 2024 berre 28 tilsette. Men SEAS er framleis kjend for kvalitetsprodukt.
Referansar C. Futtrup, History of SEAS, 23. februar 2020. R.E. Solstad og H. Sæbø, Mange av verdens beste høyttalere har elementer lagd i Moss, Fri fagbevegelse, 5. august 2024.
Kategori:Norske produsentar av audioutstyr