Thomas Fasting () var ein norsk sjøoffiser og statsråd. Han var leiar av sjøforsvaret våren 1814, statsråd utan portefølje 13. oktober til 4. november same år, medlem av statsrådavdelinga i Stockholm i sju periodar mellom 1817–1836, og minister for sjøforsvaret i åtte periodar mellom 1815–1839, i tillegg leiar for departementet for hæren i 1828–30 og 1832–33.

Før han starta sin politiske løpebane hadde han vore knytt til den danske marinen i 25 år, mellom anna som sjef på orlogsfartøyet «Ærøe» i Dansk Vestindia. Han hadde også vore deltakar under slaget på reden i København i 1801.

Fasting var innehavar av Dannebrogordenen og Sverdordenen.

Statsrådpostar 13. oktober 1814 supplert inn i statsrådet etter at Christian Frederik hadde lagt ned krona; utan portefølje; tredde attende 4. november etter kongevaletKjelde for statsrådslista er: Frå 31. mars 1815; sjef for det nyoppretta Marinedepartementet Frå november 1817; ved statsrådavdelinga i Stockholm Frå desember 1818; sjef for Marinedepartementet Frå mai 1820; ved statsrådavdelinga i Stockholm Frå august 1821; sjef for Marinedepartementet 1.–21. mai 1824; også sjef for Revisjonsdepartementet Frå august 1824; ved statsrådavdelinga i Stockholm Frå 16. september 1825; sjef for Marinedepartementet Frå september 1826; ved statsrådavdelinga i Stockholm Frå oktober 1826; sjef for Marinedepartementet Frå desember 1828; også sjef for Armédepartementet Frå januar 1830; ved statsrådavdelinga i Stockholm Frå januar 1831; sjef for Marinedepartementet Frå august 1832; også sjef for Armédepartementet Frå juli 1833; ved statsrådavdelinga i Stockholm Frå september 1834; sjef for Marinedepartementet Frå juni til november 1836; ved statsrådavdelinga i Stockholm Frå desember 1836; sjef for Marinedepartementet Avskjed frå statsrådet 17. oktober 1839

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thomas Fasting» frå , den 5. mars 2017, revisjon 16789547

Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Norske revisjonsministrar Kategori:Norske statsrådar 1814-1884 Kategori:Medlemmar av Statsrådavdelinga i Stockholm Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Sverdordenen Kategori:Folk frå Farsund