Espås-saka er ei av dei mest omtalte og omfattande uoppklarte drapssakene i Noreg i nyare tid. Trude Espås (fødd 1975) var ei kvinne som vart valdteken og drepen i Geiranger den 8. august 1996. Saka har vore gjenoppteken fleire gonger, utan vidare resultat.

Saka Trude Espås forsvann frå Geiranger 8. august 1996. Ho vart observert sitjande på eit utsiktspunkt like utanfor sentrum. Dagen etter vart det sett i gang ein omfattande leiteaksjon. Elleve dagar seinare vart ho funnen i ei steinur like utanfor sentrum av Sunnmørs-bygda. Dette utløyste ein massiv etterforskning, der m.a Kripos var involvert gjennom fleire år.

Arbeidet til politiet gjekk ut på å kartleggja alle identitetar og køyretøy i Geiranger drapsdagen. Alle namnelister frå hotell og campingplassar vart samla inn, og alle som hadde brukt kredittkort eller vorte observert vart lagd inn i databasane til politiet. Problemet til politiet var at mange av turistane som vitjar Geiranger kunne koma og forsvinna utan å leggja igjen spor som kunne knytast til identiteten deira.Espås-drapet kan forbli uoppklart]. Nettavisen.no, publisert 28.5.2006.

Saka var spesielt vanskeleg for politiet ettersom Geiranger normalt ikkje har meir enn 270 fastbuande, medan det i turistsesongen kan vera fleire tusen innom den vesle bygda kvar dag. vitne frå 37 land vart avhøyrde. Så langt er ingen sikta for drapet. Ein tysktalande mann er framleis etterlyst i saka, og politiet har forklart at denne mannen kan vera gjerningsmannen.Ingen løsning i Espås-saken]. VG.no Publisert 31.01.1999.

Saka medførte interesse frå mange klarsynte personar. Politiet i Møre og Romsdal tok opp att den aktive etterforskinga av drapet på Trude Espås 1. september 2016.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Espås-saken» frå , den 19. mars 2017.

Bakgrunnsstoff Linda Klakken: Jakten - på sporet av mannen som drepte Trude Espås Kagge 2022 ISBN 9788248930853

Kategori:Norske kriminalsaker