mini|Mann med barretina
Barretina ('lita lue') er ei spansk poseforma lue av ull. Ho har tradisjonelt blitt brukt av menn frå nordlege delar av Middelhavet. I dag er ho eit viktig katalansk symbol. Dagens barretina er vanlegvis raud på fargen, men lilla har også vore vanleg. Historisk har ho også hatt andre farger.
mini|upright|venstre|Skupltur av mann med barretina på rådhuset i Cervera, som er frå 1600-talet. mini|upright|Utstrekt barretina
Hovudplagget er blitt ført tilbake til den frygiske lua frå antikken, som var utbreidd i hamnebyar rundt heile Middelhavet. Ho kan også ha oppstått som ein eigen tradisjon i kjerneområdet Catalonia. I mellomalderen er bruken av liknande luer dokumentert til Catalonia, Ibiza, Menorca, Korsika, Sicilia, Sardinia, Malta, hamnebyar som Valencia, Napoli, Genova, Marseille og Nice og i delar av Balkan og Portugal.Institut Nova Història: La barretina i la seva implicació a Amèrica Ho blei særleg brukt av sjømenn og landarbeidarar. I Catalonia og på Ibiza blei luene brukte av menn til inn på 1800-talet, særleg på landsbygda.
Plagget er blitt knytt til opprør og katalansk identitet. Eit opprør frå 1680-talet er blitt kjend som Barretines-opprøret. Både i dette og det katalanske opprøret nokre tiår tidlegare var mange av opprørarane bønder som bar barretina. I seinare hundreår blei plagget brukt av ulike kulturelle leiarar som forfattaren Jacint Verdaguer og kunstnaren Salvador Dalí.
I dag er barretina ein del av den katalanske folkedrakta, brukt til folkedansar som sardana og ved høgtidelege høve. Den er også framståande i dei katalanske juleskikkane som caganer og julekubbe.
Galleri
Kjelder
Kategori:Katalansk kultur Kategori:Hovudplagg