mini|300px|Den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO) femner om 162 medlemsland og er med det den største standardiseringsorganisasjonen i verda. Mønsterpraksis eller bestepraksis viser til utbreidde metodar eller teknikkar som er rekna for å vere overlegne til alternativ skikk og bruk, ofte fordi resultata er betre enn med andre framgangsmåtar, eller av di dei har blitt standardprosedyre, til dømes for å tilfredsstille juridiske fordringar eller etiske normer.
Mønsterpraksisar bidreg til å ta vare på kvalitetsarbeid som eit alternativ til å følge obligatoriske standardkrav, og kan slik vere bygd på eigenvurdering eller benchmarking (referansemåling). Dei finst ofte i leiande standardar, slik som ISO 9000 og ISO 14001.Nash, J. and Ehrenfeld, J., 1997: "Codes of environmental management practice: assessing their potential as a tool for change." Annual Review of Energy and the Environment 22, 487-535
Fleire konsulentfirma spesialiserer seg på dette området og tilbyr ferdiglaga malar med standardiserte forretningsprosessar. Ein mønsterpraksis kan i somme høve vere ubrukande eller uvesentleg i høve til føresetnadene i visse organisasjonar.
God forretningspraksis er eit konsept i forretningsstrategi. Spesifikke former av dette er til dømes god landbrukspraksis, god framstillingspraksis, god distribusjonspraksis, god laboratoriepraksis og god klinisk praksis.
Sjå òg Forretningsregel Beste tilgjengelege teknologi Den beste av alle moglege verder Finne opp hjulet på nytt Kontingensteori
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Best practice» frå , den 25. mars 2017.
Kategori:God praksis Kategori:Leiing