Jens Marcussen () var ein norsk skipsreiar og politikar for Høgre og Framstegspartiet. Han var ordførar i Tvedestrand kommune frå 1968 til 1971, og stortingsrepresentant i periodane 1981–1985 og 1989–1993. Også farfaren Jens Marcussen var i si tid stortingsrepresentant.

Bakgrunn Marcussen var son av skipsreiar Jens Nicolai Bertrand Marcussen (1886-1972) og husmor Maria Tovsen (1896-1981).

Han hadde eksamen frå Oslo handelsgymnasium frå 1946 og befalskurs frå Luftforsvaret frå 1947. Fram til 1951 hadde han ymse førefallande arbeid i den omfattande verksemda faren dreiv i Dypvåg, både som gardsarbeidar, postfunksjonær og butikkekspeditør. I 1951-1952 var han kontorist i London og Newcastle og deretter kontorist ved faren sitt reiarlagskontor på Askerøya 1952–1957. I 1958 tok han over reiarlaget. Han var også skogeigar 1976–1993.

Marcussen gifra seg med Marta Margarita «Martita» Christophersen i 1951. Dei hadde tre barn.

Politikk Marcussen var politisk aktiv for Høgre frem til 1975, då han melde overgang til Framstegspartiet. For Høgre var han medlem av Dypvåg kommunestyre 1952–1959, formann i Dypvåg Høyre 1952–1959, medlem av Tvedestrand kommunestyre 1960–1975 og 1980–1981 (varaordførar 1965–1966, ordførar 1967–1971), formann i Tvedestrand Høyre 1960–1962, fylkesvaraordførar i Aust-Agder 1967–1971 og formann i Aust-Agder Høyre 1972–1975. I Framstegspartiet var han 1. viseformann 1976–1978, redaktør i partiavisa Fremskritt 1976–1978, ordførar i landsstyret 1979–1981 og gruppesekretær for stortingsgruppa 1976–1977 og 1985–1986. Han tapte kampen om formannsvervet i partiet i ei kampavstemming mot Carl I. Hagen i 1978, men dei to heldt fram med å ha eit godt samarbeid. Marcussen blei vald inn på Stortinget frå Rogaland 1981–1985 og frå Aust-Agder 1989–1993. I sin siste periode var han 1. visepresident i Lagtinget.

Stortingskomitear 1989–1993 medlem i Valgkomiteen 1989–1993 leder i Sjøfarts- og fiskerikomiteen 1989–1993 medlem i Den utvidede utenriks- og konstitusjonskomiteen 1981–1985 medlem i Den forberedende fullmaktskomiteen 1981–1985 medlem i Landbrukskomiteen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jens Marcussen» frå , den 28. mars 2017. Bakgrunnsstoff

Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Ordførarar i Tvedestrand Kategori:Høgreordførarar i Aust-Agder Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Norske redaktørar